Jansen, Mimi
(-1944)

Kommentar:
Født i Bergen 6. august i 1870-åra, d. s. st. Dotter av tollbetjent Andreas Jansen og Kristofa Hansen, yngre syster av fotograf Kristofa Jansen Grøn. Arbeidde fyrst som fotograf i Haugesund saman med systera. Firmaet "Søstrene Jansen", gjekk deretter i lære hjå "Søstrene v. d. Fehr" på Voss (etter 1891) og starta så sitt eige firma der. Etterfylgjaren Braaten har oppgjeve startåret til 1885, men det må være feiltrykk for 1895. Her utga ho og brevkort, og hadde mange elevar.
 
Over : Lysing i tre nummer av lokalavisa "Hordaland" i mars 1917
 
Over : Lysing i lokalavisa "Hordaland" i november 1917
I 1939 selde ho forretninga til Per Braaten. Braatens enkja selde den i 1946 til Ole Skredegaard. Mimi Jansens platesamling overlevde tyskarane si bombing på Voss i 1940, men gjekk med i ein brann ca. 1958. Etter at ho hadde solgt firmaet på Voss flytta ho til Bergen, der ho kjøpte ein liten fruktforretning i Marken, som ho dreiv til sin død i 1944.

Virkestader:
1890 ca: Haugesund
1891-1939 ca: Vossevangen


Samlingar:
Magnus Dagestad-museet
Fotosamlinga, Nærøy folkebibliotek
Lokalhistorisk fotosamling, Eldre Norske Fotografer, Voss Folkemuseum

Kjelder:
Norske fotosamlinger, 1989
PRIDLAO, nr.3-1994
Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer, 1980
Avisa "Hordaland", 20/11 og 24/11-1917

SPONSORAR

Heimesida er laga med stønad frå:
 



Laga er medlem av:
Landslaget

Siste oppdateringar
på sidene våre 
17/09/2018
vosssogelag@gmail.com
|

VOSS SOGELAG
|

VOSS ÆTTESOGELAG
|

vossaslekt@gmail.com
        Rediger