Wellin, Georg Wahlstrøm (Valstrøm)
(1860-)

Kommentar:
Født 15. desember 1860. Son av kobbersmedmester Jonas Wellin (ca. 1804-67) og Judith Sager (d. 8.11.1880). Gift ca. 1889 med Inger Agathe frå Indre Holmedal (1861-). 3 born. Reiste til USA i 1884, kom tilbake og arbeidde som fotograf på Voss ei kort tid, og reiste igjen til USA i 1888.

Kom tilbake og arbeidde ei tid i Trondhjem i Nordre Gade 4 fra 1895. Dette atelieret overlot han ca. 1900 til Carl Aspaas, og reiste for tredje gong til USA i 1903. Etter 1900 fotograferte han og i Bergen. Atelieret i Trondhjem vart etter Aspaas sin død i 1909 overtatt av Emma Hansen, som dreiv det heilt til huset vart rive i 1915. Deretter flytta ho til Levanger.

Virkestader:
1887 ca: Voss
1895-1900 ca: Trondheim
1900 ca-1903: Bergen

Samlingar:
Sørfosen museum

Kjelder:
Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer, 1980


SPONSORAR

Heimesida er laga med stønad frå:
 



Laga er medlem av:
Landslaget

Siste oppdateringar
på sidene våre 
15/03/2024
vosssogelag@gmail.com
|

VOSS SOGELAG
|

VOSS ÆTTESOGELAG
|

vossaslekt@gmail.com
        Rediger