Velkomen til våre felles heimesider !




Arbeidsmøte i Voss ættesogelag tysdag 2.april
Som vanleg held me møta våre på Voss bibliotek, lokalsamlinga.
Neste møte (og siste før sommaren) blir tysdag 2. april kl. 18.30 - 21.00.
Alle interesserte er velkomne!

God påske til alle medlemer. Har du gløymt å betale medlemspengar, er det ikkje for seint:
Kr 200 til konto 3480 11 60060

Voss ættesogelag vil delta med slektsgransking for born/unge på Kulturminnedagane 2024.
Slektsskjema vil bli publisert/lagt ut her og der og dei unge kan jobbe litt heime.
Treng dei hjelp, skal me stille oss til disposisjon.
Me vonar medlemer kan hjelpe til - truleg i starten av september.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Det vert Årmøte i Voss sogelag onsdag 20. mars kl.19.00 i kantina ved Voss ungdomsskule.
Vanlege årsmøtesaker.  
Føredrag : Ingjerd Dymbe Anda fortel om garden Hustveit, og kvar som er vorte gjort der etter at Stiftinga Hustveitgarden overtok eigedomen. 
_____________________________________________________________________________

Voss ættesogelag - arbeidsmøte 5. mars kl. 18.30
Neste arbeidsmøte tysdag 5. mars kl. 18.30 - 21.00 på Voss bibliotek.
Me jobbar med eiga slekt og/eller hjelper kvarandre.

Kom gjerne med framlegg på mail om tema me kan ta opp: 
vossaslekt@gmail.com
eller
marianne@bakketun.net

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------



Voss ættesogelag - Årsmøte 6. februar 2024
Årsmøtet blir tysdag 6. februar kl. 18.30 - 21.00 på Voss bibliotek.
Vanlege årsmøtesaker.
Saker ein ynskjer handsama på årsmøtet må vera styret i hende innan laurdag 28/1.

Alle interesserte er velkomne på møta våre, medlemer eller ikkje.

Medlemspengar for 2024 er framleis kr 200,- til kontonr 3480.11.60060

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Voss ættesogelag - arbeidsmøte 9. jan. 2024
Neste arbeidsmøte blir tysdag 9. januar kl. 18.30 - 21.00, altså andre tysdagen i månaden denne gongen. 

Alle interesserte er velkomne på møta våre, medlemer eller ikkje.

Medlemspengar for 2024 er framleis kr 200,- til kontonr 3480.11.60060

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Voss ættesogelag - arbeidsmøte 5. desember
Voss ættesogelag har møte på Voss bibliotek, Kulturhuset, tysdag 5. desember kl. 18.30 - 21.00. Grunna anna arrangement på biblioteket, held me oss på lokalsamlinga heile tida.
Høve til å jobbe med eiga slekt, få hjelp, hjelpe andre.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Slektslaurdag 4. november kl 11.00 - 14.30

Stad: Voss kulturhus, konferanserommet:
Tid: Kl 11.00 - 14.30.
Kva: Voss ættesogelag arrangerer Slektslaurdag i lag med Slekt og Data frå Bergen.
Slekt og Data viser nettsidene sine og korleis søke i Digitalarkivet. Høve til slektshjelp etter føredraga.
Gratis, alle interesserte velkomne!

Voss ættesogelag vart stifta i 1989 og har ca 20 - 25 betalande medlemer. Laget har møte på Voss bibliotek ein gong pr. mnd (sept. - april), vanlegvis fyrste tysdagen i månaden. Dei fleste «oppdraga» laget får er å finne slekt på Voss, men ein kan også nøste opp andre stader i landet. Pågangen frå USA er i periodar stor. I tillegg til alt som ligg på nett, har ein tilgang på avskrifter frå kyrkjebøkene og «slektslister» laga av avdøde Johannes og Liv Ystaas.

Slekt og Data Hordaland si måsetting: «Slekt og Datas formål er å skape møteplasser og tjenester for alle som er interessert i person- og slektshistorie og gjennom dette tilrettelegge for at disse historiene blir funnet, bevart og formidlet.
Vi fremmer slektsforskning og forståelse for den verdien slektshistorie har for vår identitet og kulturarv. Som en del av dette tilbyr vi i Gravminner informasjon om dine forfedres fødsels- og dødsdato, og hvor de er gravlagt, inkludert bilde av gravplassen.»
Slekt og Data arrangerer faste møtekveldar på Kronstad Hovedgård i Bergen. Der tek dei opp ymse teme og hjelper til med å slektsgransking. Gruppa har ofte slektshjelp på biblioteka rundt om i Bergen og møtes av og til på Statsarkivet. Dei har også temakveldar for slektsprogramma Brothers Keeper og Embla. På slektslaurdagen vil medlemer frå Slekt og Data vise kva ein kan få tilgang på som medlem.





 

Voss ættesogelag - arbeidsmøte 3. oktober
Arbeidsmøte på Voss bibliotek tysdag 3. oktober kl. 18.30 - 21.00.
Grunna arrangementkollisjon i biblioteket må me sette møtet med Slekt og Data på vent.

Me nyttar lokalsamlinga på tysdag, medan Odd Karsten Tveit samtalar med Nils Kvamsdal i biblioteket.

Alle interesserte velkomne til møtet vårt.

Arbeidsmøte fyrste tysdag 5. september kl 18.30 -
Sommaren er på hell og me startar opp att med møte fyrste tysdagen i kvar månad.
Fyrste arbeidsmøte blir då tysdag 5. september kl. 18.30 - 21.00 på Voss bibliotek.
Alle velkomne!

Har du gløymt å betale medlemspengane? Det er ikkje for seint enno:
Kr. 200,- til konto 3480 11 60060

Liv Ystaas 1932 - 2023
Minneord om Liv Ystaas, heidersmedlemet vårt, som døydde brått 2. juli 2023

Det var med sorg me i Voss Ættesogelag fekk melding om at Liv Ystaas brått hadde gått bort. Heilt sidan ættesogelaget vart starta i 1989 og fram til årsmøtet i 2011, sat Liv i styret. Fram til våren 2019 var ho med på dei fleste møte og arrangement i regi av ættesogelaget. Dei siste åra gjorde etterverknadane etter eit drypp det vanskeleg for henne å delta på aktivitetane våre, men ho hjelpte til via mail og telefon.
Liv var fødd i Harstad. Som ung var ho elev på ein husflidskule som held til i ei barakke inni militærleiren i Målselv. Det var her ho vart kjend med Johannes frå Ulvik, som avtente to års pliktteneste i militæret. Dei gifta seg i Tromsø i 1954 og flytta fyrst til Ulvik og seinare til Voss, der dei bygde seg hus. I tillegg til interesse for lokalhistorie og slektsgransking, var Liv ei dugande «vevkjerring». I starten vov ho tørkle og forkle til Nordlandsbunaden, som ho selde til Husfliden i Bodø. Seinare vart det også biletveving. Då Liv vart spurd om å halde vevkurs rundt omkring i Vossebygda, takka ho ja og farta bygda rundt på sykkel, med rutebuss og til og med som passasjer på fiskebilen. Ho fortalde humoristisk om dette på eit møte i ættesogelaget for ein del år sidan.
Interessa for slektsgransking starta med eit namn på ei kiste. Liv og Johannes fann fort ut at kista hadde tilhøyrt ei av Johannes sine oldemødre og dei ville finne ut meir om denne dama og andre i slekta. Dei oppdaga fort at gardsbøker og ættesoger var mangelfulle som hjelpemiddel og sette i gang med å sjå gjennom kyrkjebøker på filmrullar og notere ned det dei fann. Dette var lenge før internett og Digitalarkivet kom på banen. Arbeidet dei gjorde var rett og slett imponerande. Liv las og Johannes plotta inn på ei datamaskin. Det tok nokre år og fleire revideringar før dei greidde å tyde skrifta til presten Münster på Voss. Resultatet av arbeidet vart avanserte datalister over fødde, døypte, vigde, konfirmerte, døde, utflytta, familielister m.m. Listene har vore med på mange møte i ættesogelaget og har vore til stor hjelp for dei fleste som leitar etter slekt på Voss før 1920. Johannes døydde i 1999, berre 67 år gamal.
På Voss Ættesogelag sitt årsmøte i februar 2013, vart Liv utnemnd som laget sitt fyrste og enn så lenge, einaste heidersmedlem. Liv var også skrivekyndig og leverte mange artiklar til Gamalt frå Voss og tidsskriftet Hardanger. Då arbeidet med dei nye Vossabøkene starta opp, var Liv, ættesogelaget og slektslistene til god hjelp for redaktøren.
Liv var sosial, hjelpsam, rappkjefta og alltid i godt humør. Ho delte villig all kunnskapen ho hadde opparbeidd seg innan slektsgransking og lokalhistorie. Mang ein vossing, nordmann og amerikanar kan takke Liv og Johannes for at dei har funne opphavet sitt.
Liv etterlet seg eit tomrom i laget, men minna vil leva og me har framleis glede av det imponerande arbeidet ho og mannen gjorde.
Tankane våre går til sønene Bjørn og Svein med familiar som har mista ei kjær mor, svigermor, bestemor og oldemor.

Kvil i fred, Liv!

Voss Ættesogelag


 

Voss ættesogelag til Granvin 28. mars 2023
Grunna tidleg påske blir siste møtet før "sommarferien" tysdag 28. mars.
Dette møtet blir halde i Kulturbanken Granvin i lag med Granvin Sogelag.

Medlemer i ættesogelaget hjelper til med slektsøking m.m. og me blir litt kjende med Granvin sogelag.
Møtet vil starte til vanleg tid kl 18.30 og me reknar med å avslutte i 21-tida.

Alle interesserte er velkomne!

Om det er nokon som treng skyss nedover, ta kontakt seinast dagen før på e-post til vossaslekt@gmail.com eller på SMS til eit styremedlem.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Voss ættesogelag - Årsmøte 7. februar 2023
Voss ættesogelag inviterer til årsmøte tysdag 7. februar kl.18.30 på Voss bibliotek.
Vanlege årsmøtesaker. Alle interesserte velkomne.
Saker til årsmøtet må meldast styret innan 30. januar.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Voss ættesogelag - arbeidsmøte 10. jan. 2023
Voss ættesogelag vil takke for året som gjekk og ynskje alle ei god jol og eit godt nytt år.

Me har valgt å ha fyrste møtet i 2023 tysdag 10. januar frå kl. 18.30 - 21.00.
Som vanleg blir møtestaden Voss bibliotek på kulturhuset.
Alle er velkomne, medlem eller ikkje. Men me vonar de vil støtta oss med eit medlemskap:
Kr 200 til konto 3480.11.60060. Merk innbetalinga med namn og medlem 2023.

Møteplan framover:
10. januar
7. februar (årsmøte)
7. mars
4. april

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Voss ættesogelag - arbeidsmøte 6. desember
Arbeidsmøte på Voss bibliotek tysdag 6. desember kl. 18.30 - 21.00.
Slektshjelp og drøs!

Hugs lokal- og slekthistoriedag laurdag 10. desember på Voss bibliotek:

Kl. 11.00 - 12.00: Føredrag om DNA ved Yngve Nedrebø
Kl. 12.00 - 14.00: Dei ymse sogelaga sel årbøkene sine.  Slektshjelp ved Voss ættesogelag.

Gratis tilgjenge!

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------



Voss ættesogelag - arbeidsmøte tysdag 1. nov.
Neste arbeidsmøte blir tysdag 1. november kl. 18.30 - 21.00; som vanleg på Voss bibliotek på Kulturhuset.
Slektshjelp og tilgang til slektslister og mykje meir.
Alle velkomne, medlem eller ikkje!

Voss ættesogelag - arbeidsmøte 4. oktober
Arbeidsmøte på Voss bibliotek, lokalsamlinga frå kl 18.30 - 21.00 tysdag 4. oktober.
Hovuddøra stenger i 19-tida, så kom gjerne presis.
Me pratar litt om slektsprogram og informerer om ein eventuell slektslaurdag i desember.
Høve til å jobba med eige slekt og til å få hjelp med slekt.
Alle interesserte velkomne!

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Arbeidsmøte fyrste tysdagen i september....
Det er snart slutt på "sommaren", som ikkje er komen enno og Voss ættesogelag vil starta opp att med arbeidsmøte/medlemsmøte kvar månad framover. 
Følg med her på heimesida for nøyaktig dato og klokkeslett.
Medlemer vil også få påminning på e-post.

Møteplass er som vanleg Voss bibliotek i Kulturhuset. Alle interesserte er velkomne.

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Tur til Statsarkivet 11. juni 2022?
Voss ættesogelag planlegg tur til Statsarkivet laurdag 11. juni 2022.

Turen er open for alle interesserte, men kvar deltakar må betale reise og eventuell lunsj sjølve.
Akkurat denne dagen er det arbeid på Bergensbana, men me kan få det til slik:

Direktetog frå Voss stasjon laurdag 11. juni kl. 08.01 med ankomst Bergen kl 09.27.
Buss frå Statsporten til Statsarkivet sånn ca 09.40 - 10.00.
Omvisning m.m. på Statsarkivet frå ca kl 10.15 - 12.30 ved Yngve Nedrebø.
Meld gjerne inn spørsmål til Yngve på Statsarkivet på førehand og innan 6. juni til vossaslekt@gmail.com

"Frivillig" felles lunsj i byen ca kl 13.00?  Det er torgdag i Bergen. Liv og røre i Vågen.

Framlegg til retur:
Buss frå stasjonen (utanfor Terminus hotel) kl 15.14 eller 17.15 (direkte til Voss)
Buss frå stasjonen (utanfor Terminus hotel) kl 18.05 til Arna og tog vidare der kl 18.38.

Er dette noko for deg?
Send ein mail til leiar marianne@bakketun.net eller ein SMS til 992 78 936

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------



Voss ættesogelag - arbeidsmøte 5. april
Voss ættesogelag har arbeidsmøte på Voss bibliotek, kulturhuset,
tysdag 5. april kl 18.30 - 21.00. Alle velkomne, medlem eller ikkje.

Dette blir siste møtet før "sommaren".

Styret

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Årsmøte i Voss Sogelag i morgo, 7 mars kl.18.00, og etterpå føredrag (gratis for medlem i Sogelaget, kr 100 for medl. i museet, kr 150 for andre) :
 

Voss ættesogelag - arbeidsmøte 1. mars
Velkomen til arbeidsmøte på Voss bibliotek tysdag 1. mars kl 18.30 - 21.00.
PS! Utedøra stenger kl 19.00.

Me jobbar med slekt - hjelper kvarandre. Liv Ystaas sine slektslister vil vera tilgjengelege.

Alle interesserte velkomne, medlem eller ikkje, men kjekt om DU vil vera medlem ved å betale
kr 200 til konto 3480.11.60060

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Voss ættesogelag - Årsmøte 1. februar 2022

Voss ættesogelag held årsmøte på Voss bibliotek tysdag 1. februar kl. 18.30 (merk dag).
Vanlege årsmøtesaker.
Saker til årsmøtet må meldast styret innan 24. januar.

Alle velkomne! Men er du sjuk eller i karantene, er du nok ikkje velkomen.

Me vonar du/de framleis vil vera medlem i laget.
Medlemskontingent kr 200 kan betalast til konto 3480.11.60060

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------



Arbeidsmøte 4. januar 2022 - blir etter planen
Voss ættesogelag ynskjer alle medlemer og andre interesserte ei god jol og eit godt nytt år.

Me tek sjansen på eit kort arbeidsmøte 4. januar 2022 på Voss bibliotek - frå kl 18.30 - 20.30.

Er du sjuk eller i karantene, kjem du ikkje på møtet.
Er du redd for smitte, kjem du heller ikkje.
Me tilbyr munnbind for dei som vil........

Styret


----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Voss ættesogelag - arbeidsmøte
Arbeidsmøte m/program på Voss bibliotek tysdag 7. desember kl 18.30 - 21.00.

Reidar Reime fortel litt om den nyaste boka si: Raundalskyrkja - 100 år.
Me ser i eit album med gamle foto etter Ingeborg A. Mølster, f 30/6-1922, d 9/4-2019.
Høve til å nytta Liv Ystaas sin slektslister og mykje anna på lokalsamlinga/biblioteket.

Koronasituasjonen er "usikker", men er du frisk er du velkomen på møtet.
Det kan verta aktuelt å nytta munnbind, då det kan vera vanskeleg å halda over meteren.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Voss ættesogelag - arbeidsmøte
Voss ættesogelaget har planlagt desse møtedatoane ut året og i starten av 2022:

Tysdag 2. november - arbeidsmøte
Tysdag 7. desember - arbeidsmøte
Tysdag 4. januar - arbeidsmøte
Tysdag 1. februar - årsmøte og arbeidsmøte
Tysdag 1. mars - arbeidsmøte
Tysdag 5. april - arbeidsmøte

Alle møta er på Voss bibliotek i Voss kulturhus. Merk at utedøra stenger kl 19.00.

Det kan bli aktuelt med ein tur/utflukt i april/mai? Styret vil gjerne ha innspel her.


-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------




 
Voss ættesogelag - arbeidsmøte 5.okt kl 18.30
Arbeidsmøte på Voss bibliotek tysdag 5. oktober kl 18.30 - 21.00. (OBS! Utedøra stenger kl 19).

Det nye styret vil presentere seg og me snakkar litt om laust og fast og planane framover.
Kom gjerne med innspel til styret om ting me bør ta opp på møta våre.
Gunnar G, Gunnar H R og Nils fortel kort om leitinga etter gamle tufter oppi Storåsen.

Høve til å bruke Liv Ystaas sine slektslister og ellers mykje lokalhistorie på biblioteket.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Voss ættesogelag - Årsmøte
Endeleg kan me samlast att og fyrste møtet blir difor ÅRSMØTE, som har vore utsett lenge:
Tysdag 7. september kl 18.30 på Voss bibliotek. Merk ny dag! 

Vanlege årsmøtesaker.
Saker som skal opp på årsmøtet må meldast styret innan 28. august.
Alle velkomne!

Fint om alle kan møta innan 18.30. Hender må spritast når de kjem inn på kulturhuset. Blir me mange og det blir vanskeleg å halde minst 1 meter avstand, må me vurdere munnbind. Inga servering på møtet.

Etter at årsmøtet er avvikla, vil Jan-Egil Mandelid fortelje om og vise fram den flotte slektsboka han har laga over Mandelid-slekta.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
 

Årsmøte i Voss sogelag vert halde på Voss folkemuseum, Mølster, tysdag 25. mai kl.19.00. Vanlege årsmøtesaker. Innmelding av saker innan 17/5 til knut.o.farestveit@gmail.com / tlf.56514005
______________________________________________________________________________

Voss ættesogelag og Koronatider
Grunna koronasituasjonen er det planlagte årsmøtet utsett inntil vidare.

Følg med på heimesida og i avisa Hordaland. Årsmøtet skal annonserast 14 dagar før.

Enn så lenge, kan de ta kontakt med oss på mail om de treng slektshjelp:
vossaslekt@gmail.com

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Voss ættesogelag - arbeidsmøte - avlyst
Styret har bestemt at også arbeidsmøtet måndag 7. desember blir avlyst.

Dette grunna koronasituasjonen og restriksjonar. Me vonar å koma sterkt attende i 2021.

I mellomtida kan de gle dykk til 1. desember og Folketeljinga 1920.
OBS! Pågangen blir sikkert stor dei fyrste dagane og søk kan "gå tregt".

Har du enkle spørsmål om slekt eller liknande, send oss ein mail og me kan kanskje hjelpe?
vossaslekt@gmail.com

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Voss ættesogelag - arbeidsmøte
Me er i rute att og neste møte blir måndag 5. oktober kl. 18.30 - 21.00 på Voss bibliotek.
Hovuddøra er diverre stengt, men døra mot aust i underetasjen er open til kl 19.00.

Me må framleis vera forsiktige grunna Covid19: 
Alle vaskar og/eller spritar hendene når dei kjem inn.
Blir me mange (over 8) nyttar me også bord uti biblioteklokala.
Inga servering.

Er du sjuk, i karantene eller redd for smitte? Då må du nok halde deg heime.

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------







Voss ættesogelag - arbeidsmøte 14. sept kl 18.30
Etter ein (altfor) lang ferie, vonar me å starte opp att med møta våre frå måndag 14. september. Dette er ikkje fyrste måndagen i september, men det må bli slik denne gongen. Møtet blir annonsert her på heimesida vår og til dei som er på "medlemslista".

Grunna smittefare skal alle vaske eller sprite hendene før dei går inn på møtet på biblioteket. 

Me vil nytta heile biblioteket for å halde avstand. Slektslistene blir lagt utover på fleire bord i vaksen- og barneavdelinga. Ergo blir lokalsamlinga berre for dei som vil bruke bøker/kjelder som står der.

På dette fyrste møtet blir det heller ikkje kaffi/servering. Som vanleg vil me notere ned namn på dei frammøtte.

Er du ikkje frisk, i karantene eller redd for smitte?
Då held du deg heime.......

--------------------------------------------------------------------------------------------
NRK Museum var i bygda 27/5, på vitjing hjå Vestnorsk kulturakademi, for å ta opp program om heimabrygging av øl med kveik, og fleire medlemer i Voss sogelag deltok.
 
 

Vil koma på radio, og verta tilgjengeleg for å høyra her :

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
foto : Vestnorsk kulturakademi
_________________________________________________________________________________________________

Voss ættesogelag og Coronatider
Voss ættesogelag vonar me kan starte opp att med møta våre utpå hausten. Følg med; meir info kjem etterkvart.

Har de spørsmål, slektsproblem o.l.? Send ein e-post til vossaslekt@gmail.com og me skal prøve å hjelpe via mail eller telefon.
 
Voss ættesogelag - arbeidsmøte i kveld, 2. mars 
kl. 18.30 - 21.00.
Som vanleg held me til på Voss bibliotek i kulturhuset.

Alle interesserte velkomne!
 
Vellukka slektslaurdag i Granvin, med godt oppmøte ! Yngve Nedrebø fortalde om DNA i slektsgransking. Her er linkar for Dykk som ynskjer å vita meir/prøva dette :



SLEKTSLAURDAG I GRANVIN 22.02.20
I høve kommunesamanslåinga, inviterer Voss ættesogelag til slektslaurdag i kulturbanken, Granvin laurdag 22. februar kl. 11 - 14.
Yngve Nedrebø frå Statsarkivet i Bergen vil fortelja om DNA i slektsgranskinga.
Info om Voss ættesogelag, kjelder og generell slektshjelp. Enkel servering. Gratis.

Alle interesserte velkomne!

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Studietur til Isle of Man 17- 21. august "I Vikingane sine fotspor"

Isle of man

Isle of Man er ei øy i Irskesjøen mellom England i aust, Irland i vest og Skottland i nord. Isle of Man har hatt busetting i fleire tusen år, og vart gradvis eit keltisk-norrønt samfunn. Nordmennene busette seg på Isle of Man rundt 850 e.Kr. I omlag 400 år var øya underlagt Noreg, eller styrt av norske interesser, inntil kong Magnus Lagabøte overlet øya til Skottland i 1266. Etter ein periode med vekslande underkastelse i høve til kongane i England og Skottland, kom Isle of Man under føydalt overherredømme av den engelske krona. Øya vart underlagt den britiske trona i 1765.


Lyst til å vera med på tur ?

Arrangør : Hordaland Sogelag

Sjå meir om turen ved å klikka her på Program
Påmelding direkte til ine-therese.kannelonning@tide.no innan 10. mars 2020.


Voss ættesogelag - årsmøte 3. februar
Voss ættesogelag held årsmøte på Voss bibliotek måndag 3. februar kl 18.30. Vanlege årsmøtesaker. Saker som skal opp på årsmøtet må meldast styret innan 27. januar.
Etter sjølve årsmøtet, blir det arbeidsmøte resten av tida.

Alle interesserte velkomne!

Minner om medlemskontingenten på kr 200.- til konto 3480 11 60060

God jol og godt nyttår
Velkomen til nye møte i 2020. Me startar opp måndag 6. januar kl 18.30 - 21.00.
Møtestad som vanleg på Voss bibliotek, Kulturhuset.

Alle interesserte velkomne!

Voss ættesogelag - arbeidsmøte 2. desember
Siste møte før jol blir måndag 2. desember kl. 18.30 - 21.00.
Som vanleg held me til på Voss bibliotek i kulturhuset.

Parkering på tinghusplassen, ved Park hotell eller i gatene i nærleiken.
No er det kome opp skilt med "Parkering forbode" nedom kulturhuset.

Alle interesserte velkomne!


Voss ættesogelag - arbeidsmøte
Arbeidsmøte for alle interesserte på Voss bibliotek måndag 4. november kl. 18.30 - 21.00.

Kaffi/te m/noko attåt. Gratis
Føredrag 29. september :
Med septer og tiggarstav - Kong Magnus Lagabøte og fransiskanarane
Frå 1263 til 1280 sat Magnus VI Håkonsson på den norske trona. I 1274 gav han Landslova, det fyrste riksdekkjande lovverket i Noreg og eit av dei fyrste som vart gjeve i Europa i det heile. For dette er han kalla Lagabøte - han som «bøtte» lovene, altså forbetra dei. På Voss er Kong Magnus også kjend gjennom brevet han i desember 1271 sende til vessene. Der oppmuntra kongen dei til å ferdigstilla steinkyrkja dei var byrja å byggja, kyrkja som vart innvigd 26. mai 1277.

Landslova av 1274 var ikkje berre det fyrste felleslovverket me hadde for riket. Det var også eit lovverk som utmerka seg ved å mellom anna sikta på å avhjelpa fattigdomsproblemet i det norske riket, og gje rettsvern til vanskelegstilte og trengande grupper. Dermed oppstår spørsmålet: Kven var denne fredsæle kongen?

Sundag 29.9.19 klokka 19 skal me få læra meir om Magnus Lagabøte. Jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde og førsteamanuensis i arkeologi Alf Tore Hommedal, begge frå Universitetet i Bergen, kjem til Vangskyrkja for å fortelja om Magnus. Han enda opp med å verta ein av dei viktigaste kongane me nokon gong har hatt. Føredraget vert altså halde i ein kyrkjebygning som Kong Magnus hadde eit forhold til og på sjølve Mikkjelsmessedagen, festdagen for erkeengelen som Vangskyrkja er vigd til.


Øyrehagen Sunde og Hommedal arbeider saman om ein ny fortolking av lovgivarkongens livsverk. Desse to forskarane møtest i mellomalderhistoria og freistar å gripa nokre av tankane og haldningane til Kong Magnus Lagabøte. Føredraget tek opp interessa Kong Magnus hadde for fransiskanarane, ordenen som vart grunnlagt av Frans av Assisi i 1209, og som etablerte seg i Noreg og Bergen allereie kring 1240. Me veit at Magnus fylgde førelesingar hjå fransiskanarane, og han valde i 1280 å bli gravlagd ifransiskanarkyrkja i Bergen, dagens Bergen Domkirke. Kan me spora ideologien til fransiskanarane i Kongens styring? I føredraget vil du mellom anna møta Kong Magnus både som juridisk reformator og som kongeleg byggherre.

Det vert høve til spørsmålsrunde etter føredraget, som vert arrangert av
Voss Kyrkjeakademi.
 
_________________________________________________________________________________________
Arbeidsmøte på Voss bibliotek, kulturhuset måndag 7. oktober kl. 18.30 - 21.00.
Dette er i haustferien, så kulturhuset er stengt for andre aktivitetar. Fint om du/de kan møte presis.
Om døra er stengt, ring Marianne på 992 78 936.

Alle interesserte velkomne!


Voss ættesogelag har no sommarferie
Fyrste arbeids- og medlemsmøte etter sommarferien blir truleg fyrste måndagen i september, dvs måndag 2. september frå kl 18.30 - 21.00. Alle interesserte velkomne

Meir info kjem - sjå også lysing i Hordaland

Neste arbeidsmøte 1. april
Laurdag 13. april blir det fellestur til Statsarkivet.
Omvisning ved Yngve Nedrebø.
Tog frå Voss til Bergen kl. 8.33. Lokalbuss til Statsarkivet.
Felles middag i Bergen etter omvisninga.
Me ynskjer påmelding, men kvar enkelt må betale reise og mat sjølve.
Påmelding til Gunnar Gjerme mobil 947 99 343.
Er det noko spesielt du har lyst å sjå/prøve å finna på Statsarkivet?
Meld ynskje til marianne@bakketun.net 
innan torsdag 11. april.


--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Siste møtet før sommarferien blir 1. april kl. 18.30 - 21.00.

Ole Erik Almenningen vil gi oss ei innføring i slektsprogrammet Legacy.
Resten av møte vert vanleg arbeidsmøte.

Stad: Voss bibliotek, Kulturhuset.



Voss ættesogelag - arbeidsmøte
Voss ættesogelag hadde arbeidsmøte på Voss bibliotek måndag 4. mars frå kl. 18.30.
Heile 19 stykk var tilstades. Marianne Bakketun viste korleis ho hadde knekt ei "slektsnøtt" ved hjelp av bruk av Digitalarkivet og digitale aviser. Nils Gjøstein viste bruk av slektsprogrammet Brothers Keeper.


På årsmøtet vart det bestemt å auka kontingenten til kr 200.- pr. år.
Betal gjerne til konto 3480.11.60060

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
På tur med Hordaland Sogelag til Jorvik/York ?
Hordaland Sogelag, der Voss Sogelag er ein av medlemslaga, arrangerar tur "i vesterled", til York i august. Hordaland Sogelag har hatt slike turar i fleire år no, i vikingane sine fotspor. Til dømes har det før vore turar til Island, Færøyane, Orkenøyane, Shetland, Ytre Hebridane og Frankrike. Fleire Vossingar har vore på med. I år går turen til York/Jorvik. Påmelding innan 11. mars. Sjå meir om turen her
 
 
Årsmøte i Voss Sogelag
Årsmøtet vert halde på Voss ungdomsskule onsdag 13. februar kl. 19.00.
- Vanlege årsmøtesaker
- Føredrag v/Eirik Helleve med tema frå "Gamalt frå Voss"
Saker som skal opp på årsmøtet må meldast styret innan 10. februar.

Årsmøte i Voss ættesogelag
Årsmøtet blir halde på Voss bibliotek måndag 4. februar kl. 18.30.
Vanlege årsmøtesaker.
Saker som skal opp på årsmøtet må meldast styret innan 28. januar.

Kaffi, te og noko attåt. Høve til å få hjelp med slekt.

Fyrste arbeidsmøte i 2019
Voss ættesogelag har arbeidsmøte på Voss bibliotek måndag 7. januar kl 18.30 - 21.00.
Alle interesserte velkomne!


Voss ættesogelag
Arbeidsmøte på Voss bibliotek
måndag 3. desember kl. 18.30 - 21.00.

Gunnar Hemre Ringheim vil fortelja om dei personane som var sentrale i skipinga av Voss Sparebank. For dei som var med i Voss Sparebank då Voss Sogelag markerte sine 110 år, vil dette verta reprise.

Alle interesserte velkomne!



 
Slektslaurdag og arbeidsmøte

Voss ættesogelag inviterer til slektshjelp laurdag 3. november.
Stad: Voss bibliotek i kulturhuset
Tid: Kl. 10.00 - 13.00
Gratis og ope for alle. Også dei som ikkje har slekt på Voss kan få hjelp.

Måndag 5. november er det arbeidsmøte på Voss bibliotek kl. 18.30 - 21.00.
Alle interesserte velkomne!
Voss Ættesogelag :
Program på arbeidsmøte måndag 1. oktober kl. 18.30 - 21.00:

Jan-Egil viser den nye heimesida vår.
Marianne viser søk i avisa Hordaland sitt arkiv.

Alle velkomne! OBS! Dørene stenger kl. 19.15.
 


VOSS SOGELAG arrangerar :

Sundag 30. september kl.14.00 - 17.00 :

                                       Krigsmuseet på Kløve

                                       Vore der ? Kan lova mykje spennande - både å sjå og høyra.

                                       Omvisar : David Gjøstein

 

Laurdag 29. september kl.13.00 :

     Lågterskeltur  - Me legg turen til Skjervet

     Ikkje lenge til samanslåing, og Granvin vert ein del av Voss Herad.

     Me legg turen til Skjervet, og får høyra mykje spennande historie der.

                                 Omvisar : Svein Moe

 


Møteplan i Voss Ættesogelag
Voss Ættesogelag vil prøve å halda på denne møteplanen utover hausten - alle datoane
er måndagar og møtestad er Voss bibliotek i Kulturhuset. Møtestart kl 18.30.
Utedøra stenger tidleg, så møt opp før kl. 19.00.
Alle velkomne!

3. september
1. oktober
5. november
3. desember




ÅRSMØTE i Voss Sogelag

vert halde torsdag 15.mars kl.19.00 på Voss ungdomsskule. Vanlege årsmøtesaker. Lars Konrad Bonsaksen fortel og syner bilete frå faren, Nils Bonsaksen, sitt arkiv. Alle interesserte er hjarteleg velkomne.

Arbeidsmøte i Voss Ættesogelag, måndag 9. april kl 18.30 - 21 på Voss bibliotek.
Alle interesserte velkomne.
Kaffi/te m/noko attåt kr 10.-.


Gratis arrangement på Voss bibliotek tysdag 13. mars kl 19.00.

Einar Bardal har skrive romanen Innberanna som har utgangspunkt i hans eiga slekt.
Nils Kvamsdal vil snakka med forfattaren om å skriva, men også om arbeidet med gransking av eiga slekt.

Voss ættesogelag ved Gunnar Gjerme vil også delta og fortelja om arbeidet ættesogelaget gjer på Voss.


Arbeidsmøte på Voss bibliotek

måndag 5. mars kl. 18.30 - 21.00.
Kaffi/te og noko attåt kr 10.-.
Alle interesserte velkomne!

Merk at utedøra stenger tidleg.

Hugs medlemskontingent kr 150 til konto 3480.11.60060


SLEKTSLAURDAG

på Voss bibliotek 3. februar kl. 10.00 - 13.00
Medlemer i Voss ættesogelag hjelper til med oppslag i trykte og digitale kjelder. Gratis - alle velkomne!

ÅRSMØTE/ARBEIDSMØTE i Voss ættesogelag
måndag 5. februar kl. 18.30 - 21.00.
Stad: Voss bibliotek i kulturhuset.
Saker som skal opp på årsmøtet må meldast styret innan 29. januar.
Alle interesserte velkomne!


Krigshistorier fortalt av eldre vossingar v/Jostein Saakvitne

Føredrag på Voss bibliotek tysdag 16. januar kl 19.00. Gratis!

Desse historiane er no digitaliserte og lagt ut på nettet. J. Saakvitne
frå Memoar vil presentera utdrag frå desse intervjua som vart gjort
på 1990-talet. Samstundes vil ein presentere dei nye nettsidene om okkupasjonstida på Voss, der mykje interessant stoff er samla.


Arbeidsmøte måndag 5. februar kl 18.30 - 21.00 på Voss bibliotek, Kulturhuset. Alle interesserte velkomne!

Voss ætteosgelag ynskjer gamle og nye medlemer eit godt nytt år!

Fyrste møte i 2018 blir måndag 8. januar kl 18.30 - 21.00.
Og som vanleg er møtet på Voss bibliotek i Kulturhuset.
Alle interesserte velkomne!

Arbeidsmøte på Voss bibliotek måndag 4. desember

kl 18.30 - 21.00. Alle interesserte velkomne!


Arbeidsmøte på Voss bibliotek måndag 6. november

frå kl. 18.30 - 21.00.
Alle interesserte velkomne!


Arbeidsmøte Voss Ættesogelag på Voss bibliotek, Kulturhuset

måndag 2. oktober kl 18.30 - 21.00.
Alle interesserte velkomne !


Voss Ættesogelag er i gang att i september :

Laurdag 1. og sundag 2. september kl 12.00 - 15.00:
Aktivitetsdagar på Mølstertunet i høve 100 års jubileumet deira.
Slektshjelp. OBS! Inngangspengar kr 100.-

Arbeidsmøte på Voss bibliotek månd. 4. september kl 18.30 - 21.00.

(Litt att og fram med dato).Alle interesserte velkomne.


LÅGTERSKELTUR HEDLEBERGET PÅ KYTE

På laurdag (13/5) kl.14.00 arrangerar Voss Sogelag i samarbeid med Voss Utferdslag lågterskeltur på Hedleberget. Frammøte ved Fellesbrakka kl.14.00. Kultursti 2-3 km med opplysningstavler. Kafe. Eventuell omvisning/demonstrasjon, mot ei lita avgift til Interesselaget for Hedleberget. Alle velkomne. Turleiarar : Odd Tesdal og Oddvar Drevsjø.

Arbeidsmøte på Voss bibliotek måndag 3. april kl 18.30 - 21.00.

Alle velkomne! Gratis kaffi/te.

Dette blir siste møte før sommarferien.
Oppstart til hausten truleg måndag 4. september.

Har du gløymt å betale medlemsavgift for 2017?
Det er ikkje for seint enno. Betal kr 150.- til konto 3480.11.60060.


ÅRSMØTE i Voss Sogelag

vert halde i dag, onsdag 22.mars kl.19.00 i Voss Folkemuseum sine lokale på Mølster. Gunnar Hemre Ringheim fortel og viser bilete frå bilsoga på Voss. Alle interesserte er hjarteleg velkomne.

Gards- og ættesoge for Voss, Vangen sokn

Voss bygdeboknemnd skal skriva gards- og ættesoge for Vangen sokn. Vangen sokn er identisk med gamle Voss kommune, det vil seia noverande Voss kommune unnateke Vossestrand og Evanger.

Ættesoge betyr at omtrent alle familiane som har budd i området, frå kring 1700 og fram til vår tid, vert opplista. Familiane vert førde under eit gardsnummer og på det bruksnummeret som eigedomen har.

I tillegg vert det korte avsnitt om gardane og om gardsbruka. Arbeidet starta i september 2015, og Åsmund Ohnstad er tilsett som redaktør.

Lekkje til ætteboka HER

 Arbeidsmøte på Voss bibliotek i kveld, måndag 6. mars kl 18.30 - 21.00.  Alle hjarteleg velkomne !

Slektslaurdag 4. mars kl 10.00 - 13.00 på Voss bibliotek

NRK-programmet «Hvem tror du at du er?» har nett avslutta sin 4. sesong og interessa for ætt og slekt er framleis stor. Mange ynskjer nok hjelp med å finna forfedrane sine. Laurdag skipar Voss Ættesogelag difor til «slektslaurdag» på Voss bibliotek i Kulturhuset.

Sjølvsagt kan ein ikkje spora opp ei heil slekt i løpet av eit par timar, men oppslag i kyrkjebøker og folketeljingar vil medlemer i laget hjelpa til med. Strekk tida til, er det råd å få litt rettleiing i kva som er å finna på internett.

Tilbodet er gratis og ope for alle. Så langt det er råd hjelper ein til med å finna slekt frå alle kantar av landet - ikkje berre Voss.

Meld gjerne inn eit slektsproblem på førehand:



Arbeidsmøte på Voss bibliotek måndag 6. mars kl 18.30 - 21.00.
Alle interesserte velkomne.

Hugs årsmøte i Voss Ættesogelag, i dag,
mandag 6/2 kl.18.30.
Vanleg arbeidsmøte etterpå.

Voss Ættesogelag er no registrert i Frivillighetsregisteret og har fått

organisasjonsnummer 818170262

Oppmodar alle som nyttar tenestene til Norsk Tipping om å
registrere Voss Ættesogelag som grasrotmottakar.
I løpet av eit år kan det bli nokre ekstra kroner....

Arbeidsmøte på Voss bibliotek

måndag 5. desember kl 18.30 - 21.00.

Alle velkomne!


Møte i Voss Ættesogelag måndag 7. november

kl. 18.30 - 21.00 på Mølstertunet.
Eirik Helleve vil fortelja om museet og kva dei har av kjelder for slektsgransking.
Kaffi og noko attåt.
Alle interesserte velkomne.



Nytt møte i Voss Ættesogelag måndag 3. oktober

Møtestad: biblioteket på Voss kulturhus
Tid: kl 18.30 - 21.00
Alle velkomne, medlemer eller ikkje.....
PS! Utedøra stenger ca kl 19.00 - viss stengt dør ring 56 51 94 70


Møte i Ættesogelaget måndag 5. september.

Voss Ættesogelag startar opp att med arbeidsmøta sine,
vanlegvis fyrste måndagen i kvar månad.
Stad: Voss bibliotek, kulturhuset.
Tid: kl 18.30 - 21.00.
Alle velkomne, medlem eller ikkje.

Set av måndagane 5. september, 3. oktober, 7. november, 5. desember.



Fyrstkomande laurdag (30.april)

vert det lågterskeltur,
BULKEN, frå utmark til bygdesentrum.
Turleiar : Magne Berge
Me oppmodar deg til å nytta høve til å oppleva ei historisk reise på Bulken.
Start kl.13.00 frå jernbanestasjonen på Bulken. Vandringa vert avslutta med utstilling i ungdomshuset.
Arr : Voss Sogelag i samarbeid med Voss Utferdslag

Voss Ættesogelag - siste møte før sommaren:

Måndag 4. april kl. 18.30 - 21.00 på Voss bibliotek.

Alle interesserte velkomne!
Slektslaurdag på Voss bibliotek 5. mars kl. 10.00 - 14.00.

Leitar du etter slekt på Voss eller andre stader?
Medlemer i Voss ættesogelag hjelper til.
Gratis.



Arbeidsmøte
på Voss bibliotek måndag 7. mars kl. 18.30 - 21.00.
Alle velkomne!


Voss Ættesogelag held vanleg arbeidsmøte

måndag 1. februar kl 18.30 - 21.00
på Voss bibliotek. Alle interesserte velkomne.

OBS! Grunna vinterferie og boning av golv er hovudinngangen stengt.
Årsmøtet blir på rom 005. Inngang frå kjellarhøgd mot Park.


Årsmøte Voss Ættesogelag
måndag 22. februar kl 18.30
på Voss bibliotek.
Vanlege årsmøtesaker.
Saker som skal takast opp på årsmøtet må meldast styret
innan 15. februar.

Årsmøte i Voss Sogelag vert halde
tysdag 8. mars kl.20.00
(Voss ungdomsskule, kantina)
Vanlege årsmøtesaker
Åsmund Ohnstad fortel om arbeidet med nye
slekts- og gardsoge for Voss
Einar Sudmann held foredrag/multimedia-
framvisning ”Gamalt frå Vangen”
Innkomne saker til årsmøtet, må vera styret
i hende innan 23/2-2016.

Presentasjon av godbitar frå dei lokale årbøkene

på Voss bibliotek torsdag 3. desember kl. 19.00.
Gratis tilgjenge.

Knut K. Mørkve, Gamalt frå Stronde, vil fortelja om garden Ulvundsøyne.
Dette er den fyrste garden ein kjem til når ein køyrer innover mot Myrkdalen.

Angun Sønnesyn Olsen, Gamalt frå Voss, har skrive om folkemusikksamlar
Olav Sande og innsamlingsarbeidet han gjorde på Voss. Angun vil også
syngja nokre songar.

Arne Skjerven, Frå fjell til fjord, har skrive om Ole Olsen Skjerven, flisaguten
som vart jernbanebyggjar. Denne spanande historia stod også i Hordaland
tysdag 24. november.

Sal av 2015-årbøkene.

Arbeidsmøte på Voss bibliotek

måndag 7. desember kl. 18.30 - 21.00.
Alle interesserte velkomne!


Møte med Yngve Nedrebø på Kulturhuset

laurdag 14. november

Panoramasalen kl. 10.30 - 11.15: Gjest Bårdsen på Voss

Gjest Bårdsen var ofte på Voss, og han trivdes der. På veg til og frå Sogn tok han ofte turen om Voss. Han fann det lett å leva. Mange stabbur hadde godt med mat og anna spennande innhald. Men mesteparten av tida på Voss sat han i arresthuset og venta på å verte framstilt for retten. Ventetida vart han fleire gongar for lang, og han fann høve til å stikke av, den eine gongen på ein måte som forundra skrivaren, lensmannen og futen, men kan hende ikkje alle andre!

Panoramasalen kl. 12.00 - 12.45: Søking i Statsarkivet
Statsarkivet i Bergen har til oppbevaring om lag 260 millionar dokumentsider. I tid spenner dei frå midten av 1100-talet til etter 2010. Dokumenta spenner vidt, både i tid og emne. Vi skal gjere ei kort reise gjennom nokre av dokumenta.

Gratis inngang. OBS! Ca 90 plassar.

Brukar du Digitalarkivet til å leita etter slekt, eigedomsdokument eller lokalhistorie? Årleg vert det gjort over 200 millionar søk i Digitalarkivet, altså over ein halv million søk dagleg i eit land med 5 millionar innbyggjarar. Drivkrafta bak Digitalarkivet har vore statsarkivar i Bergen, Yngve Nedrebø.
Nedrebø er fødd og oppvaksen i Bergen, men har røter i Jølster. Med å vera litt både det eine og det andre, er han sjølv eit godt døme på slektsbakgrunnen til å så mange bergensarar opp gjennom hundreåra.
Nedrebø vart i 1995 leiar for Statsarkivet i Bergen, som forvaltar historiske dokument for Hordaland og Sogn og Fjordane frå 1500-talet til i dag. Lesesalen her har alltid vore mykje besøkt. Ein av gjestene var i si tid nettopp den unge Nedrebø.
Som arkivar og seinare statsarkivar, har han utrøytteleg hasta fram og tilbake for å henta dokument og gjeve svar på spørsmål om barn født utanfor ekteskap, immigrantar til USA og eigedomsgrenser, for å nemna noko.
Saman med tidlegare statsarkivar Egil Øvrebø, hadde Nedrebø ideen om å skriva av kjeldene og gjera dei digitalt tilgjengelege. I staden for å hjelpa ein og ein gjest på lesesalen skulle det historiske materiale på Statsarkivet gjerast tilgjengeleg for alle. Med små ressursar utvikla Nedrebø og Jan Oldervoll ved UiB det som i dag heiter Digitalarkivet. Det var og er eit pionerprosjekt i europeisk samanheng.
Nedrebø er særs kunnskapsrik og har alltid arbeidd for å gjera historia tilgjengeleg. Han har og skrive vitskaplege artiklar og reist rundt og halde føredrag for interesserte. Det frydar han å utfordra førestillingar om korleis ting har vore, det vera seg folketalet i Bergen eller mønster i utvandringa til USA.



Møte i Ættesogelaget måndag 5. oktober frå kl 18.30 til kl 21.00.

Stad: Voss bibliotek, Voss kulturhus
(om døra ikkje er ope etter kl 19.00, ring 56 51 94 70)
Alle velkomne, medlemer eller ikkje.
Kaffi/te/saft m/noko attåt kr 10.-.

Nye bygdebøker for Voss er på gang. Redaktør Åsmund Ohnstad vil orientere.


Lågterskeltur i Gråsida.

Voss utferdslag og Voss sogelag skipar til lågterskeltur laurdag 3.oktober. Frammøte ved Voss idrettshall kl.13.00. Turen går med privatbilar til Gjelle,og vidare til Hindatveit og mot Rapjane.

På Gjelle vert det orientert om Odd Gjelle og andre kjende personar med tilknyting til staden. Vidare køyrer me på bomveg til stølen Hindatveit.Veret vil avgjera kor langt me køyrer. Me vil få sjå staden der Endre Tesdal vart funnen død i 1930. Då hadde han vore sakna i Gråsida i fleire år.

Det vil og verta orientert om songen "Sæterjentens søndag" som skal ha tilknyting til stølen Rapjane.

Det er ein lett tur som vil ta 3-4 timar. Det vert høve til nistepause. 

Betaling til sjåfør kr. 50,-

Turleiarar vert Knut Farestveit og Bjarne Hjelle.

Store "Ættetavler" til sals, kr 20.- pr stk.

Arka er i størrelse A2 (på størrelse med ei utbretta avis)

Til sals på Ættesogelaget sine møte (fyrste måndagen i kvar mnd)
eller etter avtale med Marianne (SMS 992 78 936)

Møtedatoar hausten 2015

Måndag 5. oktober kl 18.30 - 21.00
Måndag 2. november kl 18.30 - 21.00
Slektslaurdag med Yngve Nedrebø 14. november.
Føredrag kl 10.30 og kl 12.00. Gratis tilgjenge.
Måndag 7. desember kl 18.30 - 21.00

Voss Ættesogelag inviterer til møte på Voss bibliotek

måndag 7. september frå kl 18.30 - 21.00.
Ope for alle interesserte.
Kaffi m/noko attåt kr 10.-


Ættesogelaget har møtefri om sommaren.

Ta kontakt på e-mail om du treng slektshjelp.

God sommar!

Me reknar med å starta opp att fyrste måndagen i september månad.
Følg med på nettsida og i avisa Hordaland.


Omvisning på Hedleberget

Voss Ættesogelag og Voss Sogelag ynskjer velkomen til 
omvisning på Hedleberget måndag 4. mai kl 18.00.

Alle velkomne, medlemer og andre.

Kr 50.- pr. pers.

Neste møte i Ættesogelaget blir måndag 13. april kl 18.30
på Voss bibliotek. Vanleg arbeidsmøte.
Orientering om det nye styret og planar for hausten.

Alle velkomne!

Boklansering på Voss bibliotek tysdag 24. mars kl 19.00

Ole Didrik Lærum kjem for å fortelje om den nye boka si:
Ingeniøren & eventyret
Ole Didrik har skrive om det eventyrlege livet til onkelen sin, sivilingeniøren og professoren Ole Didrik Lærum (1901-1972).

Gratis inngang - Boksal - Alle velkomne!

ÅRSMØTE I VOSS SOGELAG

vert halde Onsdag 11. mars kl.19.00
på Voss ungdomsskule (vestfløyen - vert skilta/guida)
Vanlege årsmøtesaker. Rasmus Sunde held føredrag om
utvandringa til Amerika
. Alle er hjarteleg velkomne !


Voss kommune fekk Hustveit i gåve i 1952. No vurderer kommunen å
selja garden. Nyleg vart det skipa eit venelag som vil verna om eigedomen. Vil du vera med, send epost til: hustveitgard@gmail.com
Les meir her.


Arbeidsmøte på Voss bibliotek, Kulturhuset
måndag 2. mars kl 18.30 - 21.30.
Alle interesserte velkomne!

Då fristen gjekk ut var det 22 påmelde til jubileumsmiddagen!

Hugs at det er gratis og uforpliktande å møta opp på årsmøtet og Gunnar Hemre Ringheim sitt føredrag om Gamle Vangen.

Voss Ættesogelag 25 år

Årsmøte m/Jubileumsfest på Fleischers hotell
laurdag 14. februar kl 17.45
(på dagen 25 år etter fyrste årsmøtet).
Vanlege årsmøtesaker.
Saker som skal opp på årsmøtet må sendast styret innan 9. februar.
Gunnar Hemre Ringheim fortel og viser bilete frå Gamle Vangen.

Kl 20.00: Middag m/kaffi, 1 stk drikke og dessert kr 300.- pr. pers.

Meny: Reinsdyrfilet med viltsaus. Baileys parfait (is)
(Meld frå om du heller vil ha fisk)

Alle velkomne, medlemer eller ikkje.

Påmelding/innbetaling til vossaslekt@gmail.com
og konto 3480.11.60060 innan 9. februar

Merk påmeldinga/betalinga med Jubileum

Å delta på årsmøtet er sjølvsagt gratis, men me vonar mange vil delta på jubileumsmiddagen også.


Vanleg møte måndag 2. februar kl 18.30.



Neste arbeidsmøte: Måndag 5. januar kl 18.30 på Voss bibliotek

Boklansering på Voss bibliotek torsdag 11. desember kl 19.00.

Per Arnt Harnes har skrive bok om Torkild Rieber: "Til topps i Texaco - historien om Torkild Rieber.

Torkild vart fødd på Voss i mars 1882. Forfedrane kom frå Danmark. Døypenamnet var Riebe Vambheim, men han forfina namnet sitt. Reiste til USA som ung. Er nok mest kjend som styreformann i Texaco.

Boksal og signering. Gratis!

Neste møte måndag 1. desember kl 18.30 - 21.30

på Voss bibliotek, Kulturhuset.
Alle interesserte velkomne!

På programmet ellers:

Info om 25 års-jubileum
Nye bøker
Boklansering



Biblioteket er no ope og neste møte i ættesogelaget er

måndag 10. november kl 18.30 - 21.30.

Alle velkomne, medlem eller ikkje.
Kaffi/te med noko lite attåt: GRATIS


Slektslaurdag med slektshjelp på Voss bibliotek - 25. oktober.

7 personar kom innom. Nokon kunne me hjelpa der og då, andre skal få svar i ettertid.

Kom gjerne innom på møta våre, som er opne for ALLE, medlemer og andre. Neste møte måndag 10. november kl 18.30 - 21.30.

Gamle Vossafilmar

Reprise av filmen "Utvandrerstevnet 1953" på Voss kino, Panoramasalen
laurdag 25. oktober kl 16.30 (merk tida)
Kr 50.-

Alle som viser billett frå 20. september kjem gratis inn.

SUNDAG 12/10 kl.14-17

inviterar Voss Sogelag til omvisning i Krigsmuseet på Kløve.
Omvisar : David Gjøstein
Inngangspengar kr.50
Alle er hjarteleg velkomne !

Hugs Slektslaurdag med slektshjelp på Voss bibliotek - 25. oktober.

Meld inn "problem" på førehand på vossaslekt@gmail.com og/eller ting "time":
Kl 10.00
Kl 10.30
Kl 11.00
Kl 11.30
Kl 12.00
Kl 12.30
Kl 13.00
Kl 13.30
(Me reknar med at me kan hjelpa 2 personar pr 30 min)

Arbeidsmøte

i Voss Ættesogelag måndag 6. oktober frå kl 18.30 (merk tida).
Alle interesserte velkomne. Gratis kaffi/te/saft/vatn.

Gamle Vossafilmar på kino i haust

Laurdag 20. september kl 16.00: Utflytterstemnet frå 1953.
23 min med ymse innslag, mellom anna Ridande Vossabryllaup.
Kr 50/25

Framsyninga
av denne filmen gjekk ikkje så bra - vart utan lyd.
Filmen blir sett opp att og dei som kjøpte billett 20. sept og kan vise fram billetten, kjem gratis inn på neste framvisning. Følg med...........

Voss Ættesogelag er i gang med dei faste møta sine.

Møtestad er Voss bibliotek i Kulturhuset.
Møteplan for hausten:

Måndag 8. september kl 18.30
Måndag 6. oktober kl 18.30

Laurdag 25. oktober kl 10.00 - 14.00: Slektslaurdag.
Medlemer i Voss Ættesogelag tilby gratis slektshjelp.
OBS! Ting tid eller meld inn "problem" på førehand.
Kl 17.00: Voss kino viser ein eller fleire gamle Vossafilmar.
Kr 50.-.

Måndag 3. november kl 18.30
Måndag 1. desember kl 18.30

Sjå også lysing i avisa Hordaland!

I samband med årets Grunnlovsjubileum, vert

gjort tilgjengeleg her på heimesida. Minneskriftet vart utgjeve av Veterannemndi paa Voss i 1905, og i samband med restaurering av Veteranbautaen prenta oppatt i 1991. Mange er det som har forfedrar mellom desse som dengong deltok, og me håpar mange vil ha gleda av å lesa Minneskriftet. (Voss Sogelag)

Voss Ættesogelag har siste møte før sommarferien
måndag 7. april kl 19.00 på Voss bibliotek.

Marianne fortel om eit tilfelle der Aftenposten arkiv og skattelister var til god hjelp ved søk etter personar i "vår tid".


SLEKTSLAURDAG 22. MARS PÅ VOSS BIBLIOTEK

kl 10.00 - 13.00 (biblioteket stenger kl 14.00)

Medlemer i Voss Ættesogelag er til stades for å hjelpe til med små og store slektsspørsmål. Meld gjerne inn eit "problem" på førehand:
vossaslekt@gmail.com

Lurer du på kor tid foreldra dine gifta seg? Eller kor tid bestemor vart konfirmert? Eller onkel vart fødd? Hendingar fram til 1930 er som oftast råd å finne ut av i kyrkjebøker m.m. Hendingar i "moderne" tid er litt verre grunna sperrefristar.

GRATIS!

 

ÅRSMØTE I VOSS SOGELAG

vert halde mandag 10. mars kl.19.00 i kantina på Voss ungdomsskule
Foredrag v/Mikal Heldal : "1814 og Eidsvollmennene frå Hordaland"
Saker som medlemene ynskjer skal takast opp på årsmøtet
må vera styret i hende innan 3. mars.

Voss Folkemuseum ynskjer velkomen til opning av utstillinga
”Bot og bedring”,
om pilegrimsreiser som religiøs bot i mellomalderen
sundag 2. mars kl 14 i samlingsbygget på Mølster

Voss Ættesogelag

Årsmøte på Voss bibliotek måndag 3. februar kl 19.00. Vanlege årsmøtesaker.
Saker som skal opp på møtet må meldast styret innan 27. januar.
Alle velkomne!

TIL ORIENTERING:

Gåve til laget/biblioteket frå Liv Ystaas:
Datalister med gifte i Domkirken, Korskirken og Nykirken i Bergen.
Listene dekker tidsrommet 1668 - 1815.
Til bruk på Voss bibliotek.

Slektslaurdag på Voss bibliotek laurdag 22. mars kl 10.00 - 13.00
Medlemer i Voss Ættesogelag hjelper til.


 


Hordaland Sogelag arrangerar turar i 2014 :


Eidsvoll - jubileumstur, Grunnloven 200 år (9. - 11. april)

Tur til Færøyane (26. juli - 1. august)
Sjå infoskriva ved å venstreklikka på felta over. Direkte påmelding jmf. infoskrivet for Dykk som har lyst til å vera med på ein eller begge turane.

Voss Ættesogelag ynskjer alle eit godt nytt år.

Neste møte måndag 6. januar 2014 kl 19.00 på Voss bibliotek.

Slektshjelp og litt om "nye" Digitalarkivet.

Alle interesserte velkomne!

Ættebok for Vossestrand (1900-2013) er alt i sal

Alle slektsinteresserte som har venta på ny ættesoge for Vossestrand kan no gleda seg over at boka alt er å få kjøpt hjå bokhandlarane på Vangen og på Kundetorget. Boka har vorte til gjennom stor dugnadsinnsats frå medlemer av Vossestrand Sogelag og vert gjeve ut i regi av Voss Bygdeboknemnd.


Vossaalbum v/Randi Skredegård Solberg og Per Jon Odéen
Denne fotoboka inneheld over 300 foto frå fotograf Ole Skredegård sitt arkiv.
Her er bilete frå 1940 - ca 1970.
Boka er å få kjøpt hjå Vossevangen Libris og fotograf Senderud.
Neste møte i Voss Ættesogelag vert måndag 2. desember kl 19.00 på Voss bibliotek.
Slektshjelp og sosialt samvær. Kaffi m/noko attåt kr 10.-.
Alle interesserte velkomne

Hedleberget på Voss med eiga heimeside

Sida finn du på denne adressa :
Om nokon har bilete eller andre interessante opplysningar frå hedlebergsdrifta,
ta kontakt med interessegruppa for Hedleberget (sjå kontaktinfo på deira heimeside)

Arbeidsmøte måndag 4. november kl 19.00 - ca 21.30 i biblioteket, Voss kulturhus.

MERK dag og tid!

Alle interesserte velkomne! Har du eit slekts-problem? Ta det med!
Kaffiøkt m/noko attåt kr 10.-.


Slektsgranskardagen 2013

på Voss bibliotek og kulturhuset laurdag 26. okt kl 10.00 - 14.00.
10.30 - 11.30: Innføring i korleis bruke og søke i "nye" Digitalarkivet.
12.00 - 13.00: Meir om korleis bruke og søke i Digitalarkivet.

Generell slektshjelp. Alle velkomne. Gratis tilgjenge!

Sal av kaffi, te og noko å bita i.
Eit samarbeid mellom Voss Ættesogelag, Voss bibliotek og DIS-Hordaland




Grunna stor møteaktivitet i kulturhuset og på biblioteket,
byter Voss Ættesogelag møtedag !
Frå og med 7. oktober blir fyrste MÅNDAG i månaden fast møtedato.

Førebels møteplan 2013/2014:
7. oktober
26. oktober - Slektsgranskardag (laurdag kl 10 - 14; meir info kjem)
4. november
2. desember

6. januar
3. februar - Årsmøte
3. mars
7. april - siste møte før sommarferien


Møta er opne for alle og møtetida er frå kl 19.00 - 21.30.
Kaffi, te og noko attåt kr 10.-.

Bok om Eidsvollsmennene - der Brynjulv A Gjeraker er omtala

Norsk Slektshistorisk Forening markerer grunnlovsjubileet i 2014 ved å utgi bok om de 112 eidsvollsmennene og deres aner til og med oldeforeldre, samt søsken, ektefeller og barn. Boken skal være klar for salg i februar 2014. Arbeidet gjennomføres som en dugnad blant foreningens medlemmer.

Du kan lese mer om prosjektet på denne adressen:
http://www.genealogi.no/content/jubileumsprosjektet-1814

Boken kan allerede nå forhåndsbestilles. Ved forpliktende kjøp FØR 1. JULI 2013 vil du motta den fritt tilsendt. Send en e-post til kontor@genealogi.no

"Glemte helter", episode 6: Knute Rockne

Det er få forunt å få en bil oppkalt etter seg. Sjå episoden på NRK 1, onsdag 8. mai kl.21:30 om utvandraren frå Voss som vart ei legende innan amerikansk fotball.
Vossingane Jørgen og Birger Rokne er og med i programmet.
Glemte helter, episode 6: Knute Rockne. Det er få forunt å få en bil oppkalt etter seg. Se episoden på NRK1, onsdag 8. mai kl21:30

ÅRSMØTET I VOSS SOGELAG

På årsmøtet i mars, vart dei i styret som var på val, attvalde. Styret er slik samansett : Knut Farestveit (leiar), Arvid Birkeland (skrivar), Jan-Egil Mandelid (kasserar), Magne M. Berge og Odd Tesdal (styremedlemer).

På årsmøtet heldt Eirik Helleve eit interessant føredrag om Ivar Aasen.

I kaldt vårvær kom det 10 personar på det siste møtet i Voss Ættesogelag før sommarferien. Praten gjekk livleg rundt bordet og mange artige historiar vart fortalde. Ein jobba også med eiga og andre si slekt.

Ættesogelaget tek no sommarferie fram til september.
God sumar!

Treng du hjelp? Ta gjerne kontakt på mail:
vossaslekt@gmail.com

Voss Ættesogelag ynskjer alle ei god påske og minner om neste møte:

Tysdag 2. april kl 19.15, Voss bibliotek, Kulturhuset(inga lysing i Hordaland),
Alle velkomne! Kaffi, te m/noko attåt.

Dette blir siste møtet før sommarferien!
Har du eit slektsproblem, send ein mail til vossaslekt@gmail.com


HUGS neste møte i Voss Ættesogelag tysdag 12. mars frå kl 19.15

(utsett ei veke grunna arrangement på kulturhuset -
ikkje annonse grunna serverfeil hjå Hordaland)

Stad: Voss bibliotek, kulturhuset
Tid: frå kl 19.15 til ca 21.30
Kaffi, te m/noko attåt.

Alle velkomne!

Årsmøte i Voss Sogelag mandag 11. mars 2013 KL.19.00
Stad: Voss ungdomsskule, kantina

Sakliste:
1 Godkjenning av innkallinga
2 Val av møteleiar
3 Val av referent
4 Årsmelding
5 Rekneskap
6 Val
7 Innkomne saker
 
Foredrag v/Eirik Helleve : "Ivar Aasen og tilknytinga hans til Voss"
Alle vel møtt !

PÅ LEIT ETTER SLEKTA!

Stor interesse for slektshjelpa på Voss bibliotek laurdag 9. februar.
14 personar kom innom, og fekk hjelp.
Ikkje alle fekk svar på alle spørsmåla sine, men me skal jobbe vidare med enkelte saker.

Neste møte i Voss Ættesogelag blir
tysdag 12. mars kl 19.15 på Voss bibliotek. MERK DATOEN!

Alle velkomne, medlem eller ikkje!

Årsmøtet i Voss Ættesogelag samla berre 9 personar denne gongen.

Det nye styret ser slik ut:
Jan-Egil Mandelid - leiar
Marianne Bakketun - kasserar
Lilly Traa, Gunnar Gjerme og Gunnar Hemre Ringheim - styremedlemer

På programmet var ei lita orientering om kva som finns i det kommunale arkivet, slik som skuleprotokollar, fattigprotokoll, møtebøker m.m. Ei oversikt ligg på nett: www.ikah.noog i trykte katalogar som finns på Voss bibliotek. Er det protokollar ein ynskjer å sjå i, må ein kontakte kundetorget i Tinghuset eit par dagar før. Protokollane er ikkje til heimlån.

Liv Ystaas vart utnemd som heidersmedlem og fekk diplom og "nål".
Liv har vore med i styre og stell heilt frå starten i 1989 til 2011. Liv er fagleg dyktig på dei fleste område innan slektsgranskinga. På 80-talet byrja ho og mannen å "lese av kyrkjebøker" og legge dette inn på data. Resultatet er blitt ei bunke fantastiske oppslagslister som mange har hatt glede av opp gjennom åra.

Foto: Jan-Egil Mandelid
 
 

Årsmøte i Voss Ættesogelag tysdag 5. februar 2013 kl 19.15.
Stad: Voss bibliotek, kulturhuset.

Sakliste:
1 Godkjenning av innkallinga
2 Val av møteleiar
3 Val av referent
4 Årsmelding
5 Rekneskap
6 Val
7 Innkomne saker
8 Orientering om det kommunale arkivet

Kaffi med noko attåt. Alle velkomne.

E-post til laget: vossaslekt@gmail.com

Voss Ættesogelag ynskjer alle eit godt nytt år og velkomen til arbeidsmøte på Voss bibliotek tysdag 8. januar kl 19.15 - 21.45.
Møte er ope for alle, medlem eller ikkje.

Kaffi m/noko attåt.

PS! Det står feil dag i Hordaland - møtet er tysdag 8. januar.
 

Stor aktivitet på arbeidsmøtet tysdag 6. nov.

Fleire "nye" fjes var å sjå og dei fleste fekk hjelp.

Siste møte før jol blir tysdag 4. desember kl 19.15 - 21.30.

Har du eit "slektsproblem", meld gjerne inn før møtet.
Alle velkomne!

Voss Sogelag arrangerar i samarbeid med David Gjøstein

omvisning i Krigsmuseumet på Kløve
Laurdag 3. november kl.14.30.
Museumseigar David Gjøstein fortel om krigen, museumet og gjenstandane.
Alle er hjarteleg velkomne !


Nok ein suksess for Slektsgranskardag på Voss!

Om det ikkje var fulle hus på dei to føredraga (det var plass til 79), var det iallefall meir enn nok å henge fingrane i for dei som hjelpte til med slektsspørsmål.

Og dei som stod for sal av eldre årgangar av Gamalt frå Voss, hadde det visst ganske så travelt!

Takk til alle som kom frå DIS-Hordaland, takk til alle medlemer i ættesogelaget som hjelpte til -
og takk til alle som kom innom!

Voss Sogelag arrangerar i samarbeid med David Gjøstein

omvisning i Krigsmuseumet på Kløve
Laurdag 3. november kl.14.30.
Meir info vil koma.

NOKRE LEDIGE PLASSAR PÅ KURS I ÆTTEGRANSKING!

Arrangør er LOP og Voss Ættesogelag.
Medlemer kr 600, andre kr 800.
Kurset går over 3 kveldar på tilsaman 9 timar.
Oppstart torsdag 25. oktober kl 18.00 på Vangen skule.
Du må kunna bruke pc og internett!

Påmelding til Reidar Reime innan tysdag 16. oktober
reidarreime@hotmail.com eller mobil 907 35 205

Voss Ættesogelag

hadde arbeidsmøte tysdag 2. oktober.
12 stk. møtte opp - jobba med eiga slekt, fekk hjelp eller hjelp andre.
Det vart og tid til kaffi og noko å bita i.

Haust - tid for å ta opp potetene

Potetopptaking, ca.1935, på Lid, Voss (Gnr.190, bruk 4)
Potetopptaking på Lid, Voss (Gnr.190 Bruksnr. 4), truleg hausten 1935.
Frå venstre : Kåre Lid, Lars I. Lid, Leiv Lid og Ingebjørg I. Lid.
Fotograf : Josef L. Lid

Endeleg var Voss Ættesogelag i gang att etter sommarferien!

På møtet tysdag 4. september vart det jobba med eiga slekt og ein hjelpte kvarandre.

Møte- og aktivitetsprogrammet framover blir som fylgjer:

22. september kl 14.00 - ca 15.00:
Gamle bilete frå Vangen v/Reidar Ringheim og Gunnar H Ringheim.
Voss kulturhus, Digitalsalen. Gratis tilgjenge.
Arr: Voss bibliotek

2. oktober - Arbeidsmøte

27. oktober kl 11.00 - 15.00:
Slektsgranskardag.
To føredrag i Voss kulturhus, Digitalsalen, kl 11.30 og kl 13.30. Gratis tilgjenge.
Arr: Voss Ættesogelag, DIS-Hordaland og Voss bibliotek.

6. november - Arbeidsmøte

4. desember - Arbeidsmøte

29/08/2012

Då har me gleda av å ynskja Voss Sogelag velkomen inn på heimesidene !
Som tidlegare informert om, vil Voss Ættesogelag og Voss Sogelag heretter ha felles heimesider.
Me håpar sidene vil verta til glede for mange, og at samarbeidet mellom laga vil blomstra !

Slekta Stolen -

etterkomarar av Ole Stolen og Ingeleiv Auro Stolen har i sommar hatt slektsstemne.
Her kjem eit lite referat :
Vi ble over 180 stk som var samlet en helg i Voss jordbrukskule sine lokaler. Det var et riktig flott sted å ha det på, anbefales!
Det kom slektninger både fra Canada og USA. Og fra Norge kom folk fra hele landet, deriblant endel fra Tromsø og noen fra Svalbard, så det var mange som hadde lang reisevei.
Av aktiviteter så var det besøk på Brudestolen, blomsternedleggelse på gravene til Ole Stolen og Ingeleiv Auro Stolen, og så var det en del musikalske innslag på jordbrukskolen fremsført av slektninger.
Yngste deltager var datteren min på 8 mnd og eldste var Marta Bolstad fra Voss på 82 år, så det var stor spredning i alder.
Det blir laget en slektsbok, så jeg skal gi lyd fra meg når den er ferdig. Jeg laget en fotobok som prøveeksemplar til slektstevnet og denne ble riktig flott, men prisen ble veldig høy. Regner med at den kommer til å koste en 900-1000 kr. Jobber med alternativer også.
Mvh Ronny Stolen Tollefsen

NB : Om nokon av våre medlem er interessert i denne slektsboka, så ta kontakt med styret i laget, så formidlar me interessa : )

FERIEMODUS?

Voss Ættesogelag har "ferie" frå møta, men er det noko DU lurer på, ta kontakt med ein av styremedlemene.
Og hugs at på Voss bibliotek finns det mange kjelder om du skal jobbe med slekt.

PS! Voss Ættesogelag siglar i kraftig medvind for tida: Nærare 40 medlemer og nok ein gong stønad frå Voss Sparebank. Takk til dykk alle.

Me startar opp att med medlemsmøte ein gong pr mnd uti september. Følg med på heimeside og/eller avisa Hordaland for dato og tid.


11 stk på arbeidsmøtet 17. april

På vårens siste møte vart det igjenn jobba godt av dei frammøtte.
Det vart mellom anna gjeve hjelp til å finna slekt i Digitalarkivet, og hus og folk i Haugamoen i tidlegare tider vart mykje drøfta. Leiaren orienterte at laget no har gjeve Voss Sogelag tilbod om å dela heimeside med oss. Dette har dei no takka ja til. Dette vil føra til at sida i løpet av sommaren vil verta litt endra i utsjånad, men ikkje meir enn at du som brukar vil kjenna at grunnoppsettet.

Med dette tek Voss Ættesogelag ferie på møtefronten, og kjem sterkt att på hausten.
Me håpar at mange jobbar med slekt og historie i sommar og, og om nokon skulle ha spørsmål, då er det berre til å ta kontakt med styret i laget.

God sommar til alle historieinteresserte !

BILETE PÅ NETT

Ta ein kikk på denne sida http://www.digitaltmuseum.no
Her finn du massevis av bilete - og frå "vårt" område.
Du kan til dømes skriva Voss i søkefeltet, og sjå kva som då dukkar opp : )

Arbeidsmøte tysdag 17. april kl 19.15 på Voss bibliotek.

Møtet er ope for alle, medlem eller ikkje. Få hjelp eller hjelp andre.

Kaffi m/noko attåt kr 10.-.

Godt frammøte på årsmøtet,

trass vinterferie. Av 33 medlemer, kom 11.
Årsmelding og rekneskap vart godkjent.
På saklista var to innkomne saker som vart vedtekne:
Godkjenning til å utvida styret med ein person.
Halda på desember 1989 som skipinga av Voss Ættesogelag.

2011 var eit særs godt år for laget, med mange spanande oppgåver og særs gode inntekter. Me vonar 2012 blir (nesten) like bra.

Arbeidsmøta dei to neste månadane blir som fylgjer:
Tysdag 20. mars kl 19.15
Tysdag 17. april kl 19.15 (ikkje 19. april som det først var skrive)
Og møteplass er som vanleg Voss bibliotek i kulturhuset.

Alle interesserte er velkomne, medlem eller ikkje!

I månadane mai - august blir det ikkje medlemsmøte.

Hugs ÅRSMØTE tysdag 21. februar kl 19.15 på Voss bibliotek.

Vanlege årsmøtesaker.

Gratis kaffi, te, saft og noko å bita i.
Høve til å jobbe litt med slekt.

Alle interesserte velkomne.

Godt frammøte på fyrste møtet i 2012.

Dei 11 som kom, jobba ivrige med eiga eller andre si slekt.
Neste møte blir ÅRSMØTE tysdag 21. februar kl 19.15. Alle velkomne.

Fyrste møte på nyåret blir

tysdag 17. januar kl 19.15.
Og staden er som vanleg
Voss bibliotek i kulturhuset.
Kaffi/te/saft m/noko attåt berre kr 10.-.

Alle interesserte er hjarteleg velkomne !


LAURDAG 7/1 - RADIODOKUMENTAR PÅ NRK P2

 
Radiodokumentaren "Good ship bad ship - om en
glemt skipstragedie med norske syndebukker" vert
sendt på NRK P2 kl.10.03 laurdag 7. januar,
med reprise sundag kveld (8/1).
Empress of Ireland.jpg
Dokumentaren som NRKs Kjetil Saugestad har laga,
fortel om ei skipsulukke utanfor kysten av New
Foundland i 1914. Mellom dei omkomne var
familien Lone, som etter gransking gjennomført
av våre medlemar Marianne Bakketun og Liv Ystås,
viste seg å vera utvandrarar frå Voss - Løne var
vorte til Lone !
 
Sett av tid til å høyra på denne
interesanne dokumentaren !
Sjå og omtale i avisa
Hordaland laurdag 7.januar.

Voss Ættesogelag ynskjer medlemer og andre
eit godt nytt år.

Siste møtet før jol:

tysdag 6. desember kl 19.15 på
Voss bibliotek i Kulturhuset.
Få hjelp eller hjelp andre. Sosialt samvær med
kaffi, te og kaker.
Alle velkomne !

Vossabokdag på biblioteket laurdag 3. desember

Program:
Kl 11 - 14: Quiz m/lokale spørsmål. Nyttige premiar.
Kl 12 - 15: Sal av lokale bøker, nye og eldre. "Gamalt frå Voss"
kjem rykande fersk frå trykkeriet.
Kl 13 - 14: Føredrag om dei lokale årbøkene "Gamalt frå Voss",
"Gamalt frå Stronde", "Frå fjell til fjord" og om boka
"Reimegrend". Gratis tilgjenge. Sal av kaffi, te, kaker og bollar.

Stort frammøte og god jobbing på møtet 15. november.

Fleire nye fjes kom innom og alle fekk hjelp.
Ellers var det sosialt samvær med kaffi, te, saft, skillingsbollar og horn.

 

Arbeidsmøte

tysdag 15. nov. frå kl 19.15 på Voss bibliotek.
Få hjelp eller gi hjelp. Sosialt samvær m/kaffi, te og noko attåt.
Alle slektsinteresserte velkomne.

Slektsforskardag på Voss - ein kjempesuksess!

Arrangementet var eit samarbeid mellom Voss ættesogelag, Voss bibliotek og
DIS-Hordaland.

Lenge før dørene opna på Kulturhuset var det kø utanfor. Slekt er utan tvil i vinden no og folk i alle aldrar møtte opp. Dei to føredraga trekte frå godt over 40 til over 60 tilhøyrarar. Både godt og gale - då det vart vanskeleg for dei som sat bakerst å både sjå og høyre.

I tillegg til føredraga var det mange som fekk personleg hjelp med eiga slekt eller korleis ein kan bruke slektsprogram på data.

For dei som framleis har slektsspørsmål dei ikkje fekk svar på, er det råd å kontakta Voss Ættesogelag, Voss bibliotek eller DIS-Hordaland.

Voss Ættesogelaget har neste møte på biblioteket
tysdag 15. nov frå kl 19.15 og i ca 2 timar.

Alle er velkomne, medlem eller ikkje!

foto : Geir Geitle, Avisa Hordaland

Laurdag 29. oktober kl 11 - 15 er det Slektsforskardag
i kulturhuset og biblioteket på Vangen. Medlemer frå DIS-Hordaland og Voss Ættesogelag vil hjelpa til med slektsspørsmål heile dagen. Mellom anna kan ein få sjå døme på slektsprogram for data.

To føredrag:
Kl 12.00 - 13.00: Korleis koma i gang med slektsgransking.
Kl 13.30 - 14.30: Kjelder; kva finns på nett.

Gratis tilgjenge. Alle interesserte velkomne!



Stort frammøte og god jobbing på møtet onsdag 19. oktober.

Trass "feil" dag, kom det 13 personar (men berre 11 til bords!).
Dei fleste hadde eit eller anna dei jobba med eller fekk hjelp med.
I godt lag og med god jobbing går tida så altfor fort.

Rundt kaffibordet vart det informert og fortalt:
Kasserar Marianne fortalde litt frå DIS-Hordaland sitt 20 års-jubileum i Bergen. Festen var kjempekjekk med god mat og nok drikke. DIS-Norge vart stifta i januar 1990, DIS-Hordaland hausten 1991. Altså var Voss Ættesogelag svært tidleg ute med sitt interessemøte i des 1989!

Liv Ystaas, Jan Egil Mandelid og Marianne Bakketun har også hjelpt NRK Radio med fakta til ein dokumentar om eit skipsforlis, Empress of Ireland, som gjekk ned i mai 1914. Ombord på båten var ein familie med røter frå Staup/Løno og Flatekvål. Alle omkom. Det er opphavet og etterslekt av Hans Løne og kona Anna Flatekvål me har hjelpt til med. Me får beskjed når programmet skal sendast.

Arbeidsmøte på Voss bibliotek

ONSDAG 19. oktober kl 19.15 - merk dag!

Høve til å jobba med eiga slekt, få hjelp eller hjelpe andre.
Me prøver å hjelpe alle, same kvar i landet slekta kjem frå!

Kort oppsummering frå DIS-Hordaland sitt 20 års-jubileum i Bergen 1. okt.
Alle velkomne, medlem eller ikkje.
Kaffi, te, saft og noko attåt kr 20.-.
Informasjon om Slektsforskardagen 29. oktober på Voss.
Arrangementet er eit samarbeid med DIS-Hordaland og Voss bibliotek og andre?
Tema 1: Generell innføring i slektsforsking.
Tema 2: Kjelder.

Stor interesse for slekt og data!

Med godt over 20 frammøtte, må Voss Ættesogelag seie seg nøgd med interessa for hausten sitt fyrste møte. To personar frå DIS-Hordaland viste og fortalde om slektsprogramma Brothers Keeper og Embla. Sikkert ein aha-opplevelse for nokon og gresk for andre. Det ligg minst like mykje arbeid bak ei anetavle laga på data, som laga for "hand".

Tida strakk ikkje til så mykje anna på dette møtet.
For dei som vil jobba med eiga slekt, blir det
arbeidsmøte ONSDAG 19. okt frå kl 19.15. (Merk dag).

Ellers må nemnast at DIS-Hordaland og Voss Ættesogelag blir vertskap for Slektsforskardagen 29. oktober, møtestad Voss kulturhus og biblioteket.
Mellom kl 11 - 15 blir det to føredrag/tema som er opne for alle interesserte:
Slektsforskning - generell innføring
Kjelder - kva finns
Me vonar å få med oss andre lag med interesse for slekt og historie.
Høve til å teikne medlemskap i Voss Ættesogelag.

Ved spørsmål om bruk av slektsprogram, er det mogeleg å ta kontakt med DIS-Hordaland :
EMBLA : gretane@nline.no / 55 50 81 02 / www.embla.no
BROTHER`S KEEPER : pertoand@nline.no / Per A. Andersen 970 47 993 / www.bkwin.info


Siste møte før sommarferien
Tysdag 26. april var siste møte før ein velfortent sommarferie. Trass flott vårvær møtte 14 personar. Det vart som vanleg jobba med eiga slekt og ein hjelpte kvarandre. 1910-teljinga er det mange som slit med. Den tenkte gjennomgangen gjekk i vasken, då Digitalarkivet hadde tekniske problem akkurat denne kvelden!

No blir det ein pause fram til slutten av september. DIS-Hordaland kjem kanskje på vitjing i september og viser oss korleis ein kan bruka ymse slektsprogram.
OBS! Voss bibliotek vil markere Verdas bokdag torsdag 4. mai kl 11 - 19.
Litteraturkonkurransar for born, ungdom og vaksne.
Konkurranseskjema på biblioteket frå kl 11. Innlevering innan kl 19.
Kl 18 vil Reidar Reime fortelje om boka si
"Reimegrend. Frå bondesamfunn til hyttegrend".
Sal og signering ca 30 min før og etter kåseriet. Gratis - alle velkomne!

Vitjing av DIS-Hordaland

Møtet 22. mars vart eit slags planleggingsmøte for Slektsforskardagen 2011.
DIS-Hordaland ynskjer å legge Slektsforskardagen 2011 til Voss, kulturhuset og biblioteket - sjølvsagt i samarbeid med Voss Ættesogelag.

Leiar i DIS-Hordaland Tore J. Mehl, nestleiar Per Aase Andresen og styremedlem Jarle Hannisdal informerte om mogelege aktivitetar og samarbeid på Slektsforskardagen 29. okt 2011.

Og tidleg på hausten blir det eit temamøte i Voss Ættesogelag: Slektsprogram
Bilete frå møtet
 

Jan Egil Mandelid tok attval!

Årsmøtet opna med eitt minutts stille for å minnast Olav Fr Tvilde, som døydde uventa for kort tid sidan.

Av 33 medlemer kom 14 på årsmøtet, noko som er uvanleg bra! Årsmelding og rekneskap vart godkjent utan merknader. Valet gjekk også greitt, då Jan Egil Mandelid tok attval som leiar. Ny i styret er Lilly Traa. Reidar Reime held fram som revisor, medan Gunnar H. Ringheim får med seg Liv Ystaas i valnemda.

Etter sjølve årsmøtet vart det som vanleg jobba effektivt med ymse slektsoppgåver. Nokre fekk mykje hjelp, andre står framleis fast og lurer t.d. på korleis det er mogeleg å lure seg unna både 1900 og 1910-teljinga! Eller er det søkinga me enno ikkje taklar?

Den store oppgåva i år blir å stå som vertskap for Slektforskardagen laurdag 29. okt 2011. DIS-Hordaland ynskjer å legge denne dagen til Voss og kulturhuset. Alt skulle ligge til rette for ein flott arrangement på Voss. Meir info om opplegget på medlemsmøtet 22. mars.
Styret i Voss Ættesogelag for 2011:

Jan Egil Mandelid - leiar
Marianne Bakketun - kasserar
Berit M Furu - styremedlem
Lilly Traa - styremedlem

Årsmøte tysdag 22. febr kl 19.00-21.30 på Voss bibliotek, kulturhuset.

Saker som skal opp på årsmøtet må sendast styret innan 15. febr.

Sakliste:
1 Godkjenning av innkallinga
2 Val av møteleiar
3 Val av referent
4 Årsmelding
5 Rekneskap
6 Val
7 Innkomne saker
Etter sjølve årsmøtet blir det høve til å jobbe med eiga slekt/få hjelp.

Kjempebra oppmøte på året sitt fyrste møte!

13 personar fann vegen til Kulturhuset og biblioteket denne kalde og glatte kvelden. Voss bibliotek har fått store, ljose og opne lokale - i visse høve litt for opne, men møtet gjekk fint. Diverre var ikkje rommet som skal huse lokalsamlinga ferdig rydda enno og bøkene ikkje på plass. Men med Liv sine lister og PC´ar, vart me hjelpne. Og det vart jobba mykje - alle hjelper alle.
Folketeljinga 1910 er på nett, men neimen ikkje lett å søke i - før ein har "knekt koden". Mange personar som er "umogeleg" å finne. Møtet vart avslutta med kaffi, saft og nesten nybakte skillingsbollar.

Neste møte blir årsmøtet - tysdag 22. februar på biblioteket i Kulturhuset.
 

KLART FOR ÅRETS FYRSTE MØTE

Voss Ættesogelag har arbeidsmøte på biblioteket i KULTURHUSET
tysdag 25. januar kl. 19.00 - 21.30.
Biblioteket er ope frå kl 11.00 - 19.00; kom gjerne innom "lenge" før.
Omvisning i det nye biblioteket. Jobbing med slekt m.m.
Kaffi m/noko attåt.
Alle interesserte velkomne !

MØTEPLAN vinter/vår 2011:
25. januar
22. februar - årsmøte
22. mars
26. april

OPPSTART 2011

Styret i laget startar året med styremøte komande veka.
Der vil møteplan for våren verta sett.
Sjå etter møteplan her på sida - kjem snart ...
...............................................................................
Voss Ættesogelag ynskjer medlemer og andre
ei god jol og eit godt nytt år. Takk for det gamle.


Travelt og hyggeleg møte tysdag 30. november

Trass kulden, kom det 11 personar til det siste møte før jol.
Det vart prata og "jobba" til langt på kveld.
Kasserar diska opp med kanelkake, pepperkaker, kaffi og gløgg!
Neste møte blir vonaleg i januar - i Voss Kulturhus.
Følg med på heimesida og i avisa.
 
God jol og godt nyttår!
 
Folketeljinga 1910 er no lagt ut på nett. Litt anna måte å søke på - les rettleiinga.
Lenke til teljinga ligg her:http://da.digitalarkivet.no/ft/sok/1910

tysdag 30. november kl 19.00 på Voss bibliotek, Tinghuset.

Enkel servering! Alle velkomne!


Folketeljinga 1910 - på Digitalarkivet 1. desember.
Det blir sikkert "kø" - ha litt tålmod!

Medan me ventar på Kulturhuset...
Ope møte i kantina på Tinghuset onsdag 24. november kl 18.00.
Informasjon om bibliotek, kino og kulturskulen.
Litteratur- og lokalquiz. Sal av "brukte" bøker.
Musikk ved kulturskulen. Enkel servering!
Alle velkomne!

Som vanleg stor aktivitet på Voss Ættesogelag sitt møte.

Tysdag 2. nov kom det 11 medlemer/interesserte innom møtet.
Det vart jobba mykje og prata endå meir.
Fleire av dei frammøtte hadde både spanande og tragiske historiar å fortelje.
Gamalt frå Voss vart etterlyst. Blir spanande å sjå om det kjem ut til jol i år.
I næraste framtid vil det koma eit framhald av Ættesoge for Stronde.
Ellers var dette det nest siste møtet i biblioteket sine kummerlege lokaler.
Siste møtet før jol blir 30. nov - på tinghuset.
Kor lang tid flyttinga vil ta er litt usikkert, men ein gong utpå nyåret er biblioteket på plass i ljose og flotte lokaler i Voss kulturhus.

Som vanleg stor aktivitet på arbeidsmøtet vårt!

11 personar fann vegen til møtet tysdag 12. okt.
Tradisjonen tru vart det jobba flittig med eiga slekt -
og ein hjelpte kvarandre etter beste evne.

Medlemstalet er no over 30!
Neste møte er bestemt til tysdag 2. november kl 19 - på biblioteket.

Hausten er komen - iallefall på kalendaren

- og Voss Ættesogelag er i gang med møta sine.
Det fyrste møtet 7. september samla berre 5 personar, men det vart jobba godt!

Møteplanen framover er planlagt slik:
Tysdag 12. oktober
Tysdag 2. november
Tysdag 30. november

Sjekk heimesida og lysing i Hordaland i tilfelle endringar.
Møta vil framleis bli haldne på Voss bibliotek i Tinghuset. Møtestart kl 19.00.
Alle interesserte er velkomne!

Vossingar utflytta til Kinn 1800-1865

Me har fått oversendt link til denne oversikta over personar som flytta frå
Voss/Vossestrand/Evanger til Kinn prestegjeld i perioden 1800-1865.
Egil Russøy er mannen som står bak denne imponerande flotte oversikta.

Gå inn på denne linken :http://vossaslekt.wordpress.com/

Har du innspel til sida/personane som er omtala, ta kontakt ved å senda kommentarar på bloggsida.

Endeleg er "ferien" over.....

Voss Ættesogelag er i gang att etter ein lang sommar.
Arbeidsmøte på Voss bibliotek, tinghuset, tysdag 7. sept kl 19.00.
Tilgang til PC´ar, lokalhistoriske bøker, Liv Ystaas sine fantastiske lister m.m.
Møtet er ope for alle, medlemer eller ikkje! Velkomne!
Kaffi/te m/noko attåt kr 20.-.

Nyhende frå Voss bibliotek - Boka kan lesast på lokalsamlinga eller lånast:

Farvel Norge: utvandringen til Amerika 1825-1975
Forfattar: Sverre Mørkhagen
Forlag: Gyldendal

Forlaget skriv om boka:
- For første gang på 60 år kommer en samlet fremstilling av den norske utvandringen til Amerika - en råbarket historie fylt av vilje og håp, offer og savn, en historie alle norske familier har et eierskap til.

17. mai 1837 sto enken Gro Jonsdatter Rue med sønnen sin ved Tinnsjøen i Telemark. Sammen med 57 sambygdinger skulle hun legge ut på den lange reisen til Amerika. Gro var en av de første som utvandret fra Norge til Amerika. Nærmere en million nordmenn skulle følge i hennes fotspor.

Sverre Mørkhagen skildrer denne gigantiske folkeflyttingen i full bredde. Vi kommer tett inn på enkeltmenneskers dramatiske liv og får ny innsikt i hva som drev dem over havet. Det har vært forsket mye på denne viktige perioden i norsk historie, og forfatteren har på en imponerende måte overført disse funnene til god fortellekunst.

Boka er rikt illustrert. Andre bind, om innvandrernes skjebne i Amerika, utkommer i 2011.

Siste møte før sommarferien med godt oppmøte

Siste møte før sommaren vart halde tysdag 13. april i Voss bibliotek sine lokale i Tinghuset. Som tidlegare i vår, var det også denne gongen godt oppmøte. Laget har no 30 medlemer.
Med sol og sommar i vente tek me no pause i møteaktiviteten. Me håpar likevel at du som medlem/interessert vil vera aktiv i ætte- og historiearbeid i sommarmånadane også. Og so ser me fram til ein aktiv haust.
Møteplan for haust/vinter er førebels ikkje klar, men vil verta å finna her på sida når den er klar.
Har du spørsmål om Vossaslekt eller anna, ta gjerne kontakt med oss i lagsstyret på e-post.

Mange nye på medlemsmøtet 16. mars.

15 personar møtte fram på arbeidsmøtet. Av desse var det 4 "nye" fjes.
Lokala vart nesten for små for så mange.
Alle jobba ivrig med eiga slekt eller fekk hjelp med både det eine og andre.
Sjølv om Liv og listene hennar ikkje var på møtet denne gongen, fann ein
løysingar på det meste i biblioteket sine samlingar eller på nett.
Interessa for ætte og historie er stor og laget har no 30 medlemer!

No er det eitt møte att, 13. april, før ein tek "sommarferie".
Alle interesserte er velkomne på møta våre.

Arbeidsmøte tysdag 16. mars kl 19.00

på Voss bibliotek i Tinghuset.
Alle velkomne!

Årsmøtet 9. februar samla 13 personar,

dvs 50% av alle medlemene!

Årsmelding og rekneskap vart godkjend.
På val i år stod leiar Jan Egil Mandelid,
styremedlem Marianne Bakketun og ny kasserar.

Styret for 2010 ser slik ut:
Leiar Jan Egil Mandelid
Nestleiar Liv Ystaas
Kasserar Marianne Bakketun
Styremedlem Berit M Furu

Etter sjølve årsmøtet vart det jobba flittig med slekt m.m.
Under kaffien vart det også tid til gode historiar!

Neste møte blir tysdag 16. mars kl 19.00

Stort frammøte i det nye året!

Trass kulden, kom det 11 personar på det fyrste møte 12. januar. Arbeidslysta var det ingen ting å seie på. Som vanleg vart det jobba med eiga slekt og ein hjelpte kvarandre. Diverse oppslagsbøker i biblioteket var flittig i bruk. Likeeins Liv Ystaas sine "slektslister". Dei tre pcane på biblioteket var også i bruk mesteparten av kvelden.

<

Stor aktivitet på siste møtet i 2009

14 personar kom innom. Marianne Bakketun fortalde kort om ein del av alt det
kjekke og nyttige som finns i Digitalarkivet.

" Digitalarkivet er Arkivverkets kanal for å publisere digitalt arkivmateriale i bilete-, tekst- og databaseformat. Dette gjeld både elektronisk skapt materiale og materiale som er digitalisert frå original, mikrofilm eller frå tradisjonelle papirutgåver. Det digitale materialet vert tilrettelagt i Riksarkivet, statsarkiva og i eigne registreringseiningar. Noko vert også produsert i samarbeid med eksterne partnarar. Statsarkivaren i Bergen har drifts- og redaksjonsansvar for Digitalarkivet."

På komande møte vil me ha eit tema, t.d. søk i Folketeljingar og bruk av Skanna kyrkjebøker.

Vel møtt til nytt møte tysdag 24. nov kl 19.00

på Voss bibliotek, Tinghuset. OBS! Inngang frå framsida. Alle velkomne!
Tema "Bruk av Digitalarkivet" - (kort innføring) - www.digitalarkivet.no
Ellers vanleg arbeidsmøte.

Møtedatoar framover blir slik:
Tysdag 12. januar 2010
Tysdag 9. febr - Årsmøte
Tysdag 16. mars
Tysdag 13. april

Sjekk heimesida vår og annonse i Hordaland for eventuelle endringar.
 

Stort frammøte tysdag 27. okt, til saman 12 personar!

Rolf Erik Veka fortalde om biletbasen til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv, der Vaksdal er aktiv med. Også Modalen og Voss er med i denne basen. Sjå fotoarkivet

OLAV K. DUGSTAD 1927-2009

Det var med sorg me mottok meldinga om at laget sin kasserar, Olav K. Dugstad, døydde brått i heimen torsdag 15. oktober. Leiaren i laget, Jan-Egil Mandelid, hadde vore heime hjå han på besøk same veka. Olav fortalde då at han hadde vore på Haukeland sjukehus ei veka, og framleis gjekk på medisinar, og ikkje følte seg so sterk. Han meddelte at han ynskte å få avløysing frå sitt mangeårige styreverv som kasserar i laget. Leiaren gav uttrykk for stor forståelse for dette, og takka for innsatsen han hadde lagt ned for laget, og at me likevel håpa å få sjå han på møta våre. At Olav sine dagar saman med oss skulle ta slutt so brått kom som eit sjokk. Våre tankar og medkjendsle går til familien.

Gravferda fann stad frå Vangskyrkja fredag 23. oktober.

Mange på første møte etter "sommarferien"

11 personar møtte på det første info- og arbeidsmøtet etter sommarferien. Det var tydeleg at folk var ivrige etter å ta fatt på både det eine og andre innan slekt og historie. Grunna utbygginga bak tinghuset, kunne me ikkje nytta kantina. Dermed vart det eit tett og intimt møte inni dei trange biblioteklokala.

Liv Ystaas fortalde om alt materialet som er "redda" frå Bømoen. Johannes Ystaas og Bjørn Pedersen samla ufatteleg mykje i samband med boka om IR10. Berre ein brøkdel av alt dette stoffet er med i boka. Men ein god del av det som ikkje kom med er no i Voss bibliotek (og delvis Voss Ættesogelag) si eige. Stoffet er samla og systematisert i ringpermar og plassert i kommunen sitt arkiv enn så lenge.

Biblioteket har også fått ein del anna materiell i "lausbladsystem". Liv har teke på seg å gå gjennom dette og få samla det i mapper/permar med ei innhaldsliste for kvar mappe. På sikt er det også meininga at Voss bibliotek skal få overta ein del gamle foto frå Bømoen og aktiviteten der. Dette er STORE innråma foto som ein vonar å få vist fram i det nye biblioteket.

Marianne Bakketun informerte om eit kurs i Bergen i regi av ABM-utvikling:
Digitalt fortalt. Her er det meininga at "vanlege" folk kan legge ut på nett korte kvardagsforteljinga knytta til kulturminne. Kulturminne er her tenkt som eit svært vidt begrep: ting, bygningar, kulturmiljø, tradisjonar og skikkar, dans og musikk, munnlege forteljingar m.m.

Kurset går over to dagar på Fylkeshuset i Bergen:
onsdag 28. okt og tysdag 10. nov. Begge dagar frå kl 9-15.30.
For meir info og påmelding, sjå her: www.digitaltfortalt.no
 
 

Stor aktivitet på arbeidsmøtet 21. april.

Trass fint vårvær, kom det heile 12 personar på møtet.
Alle jobba ivrig med eiga slekt eller ein hjelpte andre.

Voss Ættesogelag tek no "møteferie" fram til hausten.
Har du eit slektsspørsmål el.likn., ta kontakt med nokon i styret.
Me hjelper til så godt me kan.

Stor aktivitet på arbeidsmøtet tysdag 17. mars

13 personar var tilstades på arbeidsmøtet denne kvelden. Fleire nye fjes var å sjå. Alle jobba aktivt med eiga slekt eller hjelpte andre.

Siste møtet før "sommarferien" blir tysdag 21. april kl 19.00.

Årsmøtet 17. febr samla 11 frammøtte.

Jan Egil Mandelid tok attval som leiar og Liv Ystaas held fram som styremedlem.
Dei to andre i styret er Olav K. Dugstad og Marianne Bakketun.
Etter sjølve årsmøte-delen vart det jobba med eiga slekt eller ein hjelpte kvarandre.

Fyrste møte i 2009 (arbeidsmøte) var tysdag 27. januar kl 19.00.

Ni frammøtte hadde det triveleg saman, og fleire kunne ved møteslutt reisa heimatt med nyoppdaga slektsopplysningar.

Siste møte før jol var tysdag 25. november kl 19.00.

Dei annonserte møta 11. nov og 2. des gjekk ut.

13 personar på arbeidsmøtet 21. oktober!

Talet 13 var absolutt ikkje noko ulukkestal for dei frammøtte. Som vanleg var det stor aktivitet på møtet og som alltid hjelpte me kvarandre så godt me kunne.

Verdas bokdag på Voss bibliotek 23. april 2008

Jan Egil Mandelid og Liv Ystaas stilte opp på Verdas bokdag med tilbod om hjelp til å finna slekt. Diverre var det ikkje så mange nytta seg av tilbodet.
Men oppslaget i Hordaland var flott:
 

Godt frammøte på siste møtet før sommarferien.

Trass varmt og fint vær, kom 8 personar på møtet.
Alle jobba ivrig med eiga slekt eller hjelpte kvarandre.

Voss Ættesogelag tek no "ferie" utan møte fram til tysdag 16. sept.
Har du eit slektsspørsmål/slektsproblem, ikkje nøl med å kontakte nokon i styret.

GOD SOMMAR!

Årsmøte i Voss Ættesogelag - med 16 frammøtte.

Årsmeldinga og rekneskap vart godkjend. Merknad om at ein kanskje bør knipe endå meir ned på lysingane i "Hordaland". På val stod leiar, Jan Egil Mandelid, kasserar Olav K. Dugstad og skrivar Marianne Bakketun. Alle tre tok attval. Likeeins vart revisor Reidar Reime vald for to nye år. Valnemda dei neste to åra blir Gunnar Hemre Ringheim og Terje Olsen.

Etter sjølve årsmøte fekk me eit spennade og interessant møte med ei husklynge på Gamle Vangen, nordvest for kyrkja. Gunnar H. Ringheim viste kart og bilete og fortalde om nokre få hus og alle folka som hadde budd der fram mot krigen. Mange av dei frammøtte hugsa både hus og folk.
Ellers vart det jobba med eiga og andre si slekt til langt på kveld.
 

MØTEPLAN 2008

Laget har hatt styremøte, og lagt opp til denne møteplanen :
Tysdag 29/1
Tysdag 26/2 Årsmøte
Tysdag 25/3
Tysdag 22/4
Tysdag 16/9
Tysdag 14/10
Tysdag 11/11
Tysdag 2/12

Stor interesse for postkort på møtet 27. november!

Mange interesserte møtte fram for å sjå deler av den imponerande postkortsamlinga til Terje Olsen. Terje har samla "seriøst" sidan midten av 80-talet. Postkorta er sett inn i permar og motiva ordna frå vest mot aust.
Dei 16 frammøtte fekk ein minnerik kveld, der diskusjonane gjekk livleg rundt borda. Lars Jørdre hadde med seg nokre gamle kart som viste Reguleringsplan for Vangen på 1940-talet. Desse vart også studert nøye.
Foto: Marianne Bakketun
Biletet under: Interessa for postkortsamlinga til Terje Olsen var stor.

Biletet under: Einar Rekve studerar postkorta. Foto: Marianne Bakketun

Biletet under: Interessa for postkortsamlinga til Terje Olsen var stor.
Foto: Marianne

Biletet under : Gunnar Hemre Ringheim, Terje Olsen og Arne Farestveit.
Foto: Marianne Bakketun

Biletet under: Lars Jørdre og fleire inntersserte kikkar på gamalt reguleringskart or Vossevangen. Foto: Marianne Bakketun

Voss Ættesogelag tek no "jolaferie".
Informasjon om neste møte kjem over nyttår.

Møte i Voss Ættesogelag tysdag 27. november kl 19.00.

Til dette møtet er Terje Olsen invitert, og han vil ha med seg ein del av si imponerande postkortsamling, med motiv frå Vossabygdene. Spennande å sjå korleis det var før, og korleis ting har endra seg opp gjennom åra. Møtet er ope for alle. Ta turen innom Du og er vår oppfordring !

Møtestad : Tinghuset (inngang frå baksida, dvs bakgarden)
PS! Annonse kjem i tysdagsnummeret av Hordaland


 

Døme på "Vossa-postkort".
Over : Vossevangen (Hulda Bentzen). Under : Bolstad (K.Knudsen)

Stor aktivitet på forige møte, 30. oktober. 13 personar var tilstades og alle jobba ivrig med eiga slekt eller hjelpte andre.

HEIMESIDA VÅR PÅ NETTET I 1. ÅR

Tysdag 16. november hadde heimesida vår 1.årsdag.
Mykje arbeid er lagt ned i sida gjennom året. Sjølv om det går litt i "rykk og napp", og tida vår ikkje heilt strekk til for alt me ynskjer å gjera, synest me sida er vorte ganske bra. Mykje arbeid gjenstår framleis, men me håpar du som er innom sida likar ho, og kan ha glede av ho.

Spennande gamalt førarkort !

Laget har fått avfotografert dette gamle førarkortet, som har tilhøyrt Brita Helgesdtr. Tillung. Ho var født i 1887, var ugift, og brukte "invalidemotorcykle" når ho køyrde rundt omkring i bygda og selde på bøker.
 

Fleire nye foto i laget si samling

Voss Ættesogelag har fått fire nye foto i samlinga si.
Det var leiaren i laget som kjøpte dei på internettauksjonen qxl. Alle fire er tekne av fotografar på Voss, men kvenn er personane på bileta ? Me er takksame for all hjelp !

 
Sjå dei andre bileta ved å klikka deg inn på
Foto-samlinga.

Flott interessant bryllaupsbilete motteke !

Biletet er teke 22. juni 1946, og viser deltakarane
i bryllaupet til Helge Tillung og Anna Sæd.
 
venstreklikk for å sjå stort bilete
 
Spelemann i bryllaupet var Magnus Dagestad.
Fotograf : ukjendt ; Eigar av original : Anna Tillung

Vossakyrkjemessa 2007, med føredrag i Vangskyrkja

Sundag 20 mai kl. 13.00 var det føredrag
i Vangskyrkja v/Aslak Helleve.
Temaet var "Miltzowprestane i Voss".

 
Biletet over : Måleri av presten Henrik Gertson Miltzow (1599-1666),
som mange Vossingar, og andre med, ættar frå.
Orginalen er å finna i Vangskyrkja, Voss.
 

Gåve til laget

Voss Sparebank har hatt utdeling av "gåver til allmennyttige føremål i Voss".
Laget hadde søkt, og det er med stor glede me no har fått informasjon om at Voss Sparebank har innvilga oss ei gåve på kr. 3.000,-. Pengane skal gå til "diverse materiell og drift av laget". Dette inneber fyrst og fremst naudsynt materiell i samband med fotosamlinga vår.

Felles Styremøte

Måndag 12. mars hadde me styremøte saman med Voss Sogelag.
Til møtet var også Voss Bygdeboknemnd og skriftnemnda for
"Gamalt frå Voss" kalla inn.
På saklista stod mellom anna utveksling av informasjon
om aktivitet, og mogeleg samarbeidprosjekt/fellesaktivitetar.

ÅRSMØTE AVHALDE

Tysdag 13. februar vart årsmøte i laget avhalde.
10 medlemer var til stades. Av dei som sit i styret,
var berre leiaren, Jan-Egil Mandelid, på val. Han vart gjennvald
for eit nytt år. Andre saker som vart handsama på møtet var
medlemskontigent og vedtekter for laget. Medlemspengane, som har
vore uendra i mange år, vart no sett opp til kr.150,-.
Vedteker for laget vart vedtekne, og er lagt ut på sida.

RASMUS SUNDE HELDT FØREDRAG

Laget hadde møte 30. januar.
Rasmus Sunde, med doktorgrad i emigrasjonshistorie,
var på besøk hjå oss og heldt føredraget "Utvandring frå Voss
til Amerika og Vossa-settlement". I tillegg informerte
han om guida turar han er med å arrangera til Amerika,
Island og Normandie. Heile 31 personar var til stades på møtet.

16. November 2006

Hei! Velkomen til heimesidene våre, som vart lagt ut på nettet i dag. Innhaldet på sidene er under arbeid. Innan juletider håpar me å vera komne så langt at du som besøkjande her, kan ha glede av sidene våre.
Fram til den tid, ha tolmod med oss .... : )

Ved å vensteklikka med musa på biletet får du opp større bilete.
Biletet: Aktivitet på møtet i oktober
Biletet: Ein protokoll frå kommunearkivet

SPONSORAR
Heimesida er laga med stønad frå:
 



Laga er medlem av:
Landslaget

Siste oppdateringar
på sidene våre 
15/03/2024
vosssogelag@gmail.com
|

VOSS SOGELAG
|

VOSS ÆTTESOGELAG
|

vossaslekt@gmail.com
        Rediger