Skagen, Johanna Ullricka Bergstrøm
(1839-1882) portrett

Kommentar:
Født i Eskilstuna i Sverige i 1839. Gifta seg i 1869 på Voss med Maximilian (Max) Emilian Arnaldus Skagen (født 1837), sakførar, seinare sorenskrivar i Voss. Ho hadde fotografatelier i huset deira på Vossevangen. Fotograferte kjende personar og landskap frå Vestlandet. Vert rekna som Noregs fyrste kvinnelege fotograf.(?) Kalla seg Johanna Bergstrøm som fotograf. Ho døydde på Voss 24. april 1882, og er då i kyrkjeboka ført som : Fru Hanna Ulrika Skagen, født Bergstrøm. Bustaden var Vangen, og dødsorsaka vart oppgjeven til å vera tæring. Ho vart gravlagt i Voss 2/5-1882. Samlinga etter ho skal vera teken vare på av Monika Bjørbæk, Florø, (tippoldebarn av fotografen).

Virkestader:
1870 ca-0000: Voss

Kjelder:
Firda Folkeblad 11.04.1988

SPONSORAR

Heimesida er laga med stønad frå:
 



Laga er medlem av:
Landslaget

Siste oppdateringar
på sidene våre 
17/09/2018
vosssogelag@gmail.com
|

VOSS SOGELAG
|

VOSS ÆTTESOGELAG
|

vossaslekt@gmail.com
        Rediger