Bentzen, Hulda Marie
(1858-1930åra) portrett

Kommentar:
Født i Bergen 18. desember 1858. Dotter av skipskaptein Einar Bentzen (1824-76) og Karen Bertine Gullaksen (1825- ). Det skal vera sagt at ho lærde seg fotografering hjå Max Behrends. Alt i ca 1886 hadde ho eigen forretning i Bergen, i 1895 var adressa Smaastrandgaten 2. I 1902 heitte firmaet "Hulda Bentzens Eftfl. (Justus Lockwood)", m. adr. Torvalmenning 4. Lockwood hadde sannsynligvis styrt forretninga ei tid før han overtok den. I 1907 ser firmaet ut til å vere opphøyrt. Hulda Bentzen budde dels på Voss og dels i Bergen, hadde etter kartongane å dømma i periodar atelier begge stader og averterte til dømes med "Filial Voss".

 
Biletet over : Fameliegruppe frå garden Helleve, Voss. Fotograf : Hulda Bentzen, Bergen
Under : Baksida av biletet over. Bergen og telefonnr er utstroke. Filial er og utstroke.
Tydar her på at Hulda på dette tidspunktet (etter 1898) er basert på Vossevangen.
 
 
 

Over : Lysing i lokalavisa på Voss, "Hordaland", i november 1908
 

Over : Vossevangen (Postkort, Hulda Bentzens Forlag)
I 1918 averterte ho sitt atelier på Voss til leige og forskjellig fotografisk utstyr til sals, men lenge etterpå tok ho på seg kopiering av eldre ting. Ho gav og ut brevkort. Medalje på Bergensutstillingen i 1898.
Døydde i Bergen i 1930-åra.

Virkestader:
ca 1886 -1907: Bergen, Småstrandgaten 2
ca 1888 -1918: Voss

Samlingar:
Gamle Bergen Billedsamling

Kjelder:
Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer, 1980
Fretheim, Ole : Biletbok frå gamle Voss 1868-1940, 1977
Skjema Gamle Bergen Museum 06.11.1997
Avisa "Hordaland" novemver 1908



SPONSORAR

Heimesida er laga med stønad frå:
 



Laga er medlem av:
Landslaget

Siste oppdateringar
på sidene våre 
29/10/2018
vosssogelag@gmail.com
|

VOSS SOGELAG
|

VOSS ÆTTESOGELAG
|

vossaslekt@gmail.com
        Rediger