Styret i Voss Ættesogelag :

Leiar :
Gunnar Gjerme
Lemmesvegen 83, 5706 Voss
Mobil : 947 99 343
 
 
Nestleiar:
Jan-Egil Mandelid
Bordalsvegen 29, 5700 Voss
Tll. 991 08 744
 

Kasserar:
Marianne Bakketun,
Rykkesvegen 6, 5705 Voss
Mobil: 992 78 936
E-post: marianne@bakketun.net
 
 
Styremedlem:
Gunnar Hemre Ringheim
Strandavegen 168, 5705 Voss
Mobil: 414 86 282
E-post: hemr@online.no

Styremedlem:
Nils Gjøstein
Langbrekk 20, 5706 Voss
Mobil:
E-post: nilsgjostein@gmail.com


E-post til laget: vossaslekt@gmail.com

Lagshistorie

Så tidleg som i slutten av 1989 var det fleire på Voss, med jobb innan forsvaret, som hadde interesse for slektsgransking og for data. Dei var truleg opptekne av DIS-Norge som var på trappene og det å kunna hjelpa kvarandre med det praktiske arbeidet i slektsgransking. "Skipingsmøtet" eller val av interimstyret vart halde på Mølster 13. desember 1989, med mange frammøtte. Dei største pådrivarane i starten var Rudi Løken, Arne Kjell Slettemoen, Ulf Frøystein og Cato Hansen.

Konstituerande årsmøte for Voss Ættesogelag vart halde i Kinokjellaren onsdag 14. februar 1990. Utlysinga av dette møtet er underteikna "interimstyret".

Voss Ættesogelag sine medlemsmøter er vorte haldne både på Mølster(v/Voss Folkemuseum) og i kinokjellaren. På 90-talet byrja ein å nytta Voss bibliotek som fast møtestad. Med tilgang til kjelder som folketeljingar, kyrkjebøker, ættebøker, gardssoger og internett, har biblioteket vore ein god møteplass. Siste møtet me hadde i biblioteket sine lokale i Kyrkjebø, var 28/2-2006, som var årsmøte for året 2005.

På dette årsmøtet fortalde Liv Ystaas litt om opphavet til dei imponerande datalistene ho brukar å ha med på medlemsmøta - og som me i laget (og mange andre og) har hatt stor glede av. I arbeidet med å finna familiar, kom ho til kort med Kindem sine band med gardssoge. Rundt 1984-85 byrja ho å notera ned alle "uekte" born fødde i Voss (det vil seia born fødde utanfor ekteskap) - tilsaman rundt 2000 stykk. Seinare vart det naudsynt og praktisk å ta med ektefødte, gifte, døde, ut- og innflytta. Til og med dei som gjekk til alters vart notert ned! Mannen til Liv, Johannes Ystaas, la alt dette inn på data i eit dansk system, som og kunne brukast til å laga familielister. Resultatet vart imponerande, og mange har hatt gleda av det.

Liv Ystaas fortalde og om kor vanskeleg det var å tyda det som Münster hadde skrive i kyrkjebøkene. Han var sokneprest i Voss i tida 1828-1851. Liv sine "avskrifter" frå denne perioden er vorte revidert minst 4 gonger!
Laget sin logo/lagsmerke vart teikna/laga i 2001 av Jan-Egil Mandelid. Motivet er eit slektstre.

Laget vart med på flyttelasset då Voss bibliotek flytta frå Kyrkjebø til Tinghus og Kino. Medlemsmøta vart så haldne i lokala på Tinghuset (kommunestyresalen og kantina).
Det nye biblioteket i Kulturhuset vart opna i januar 2011, og dermed hadde Voss Ættesogelag nok ein gong fått seg ny møtestad.
 
:::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::
 
HJELP OSS :
Om du er medlem eller tidlegare medlem i laget, og synest det er noko meir som burde vera med når me her skriv lagshistoria, kontakt oss.

Me saknar møtebøker, aktivitetsplanar o.a. frå tida før 1999, og medlemslister frå før 1990.
TA KONTAKT MED STYRET I LAGET OM DU KAN HJELPA OSS : )

MEDLEMSKAP

Voss Ættesogelag har medlemsmøter omlag ein gong i månaden
vår/haust/vinter. Møtestad er i kulturhuset på Voss, i lokala til
Voss bibliotek.

Medlemskap i Voss Ættesogelag koster kr. 150,- pr. år.
Konto 3480.11.60060
 
På møta kan du leita opp slekt ved hjelp av m.a. bygdabøker, microkort
av kyrkjebøker og skifteprotokollar, eller ved å nytta internett.
Har du bruk for hjelp får du da.
 
For deg som har forfedrar frå Voss, er Liv Ystaas sine protokollar
med alfabetisk oversikt over fødde/gifte/døde i Voss
eit særleg godt hjelpemiddel.
 
Har du slekt på heilt andre kantar av landet er ikkje det noko hinder -
medlemer i laget gjev råd og hjelper deg med å leita.
Biblioteket (møtestaden) har, eller kan i løpet av ei vekes tid, skaffa
bygdabøker og ættebøker frå alle kantar av landet.
 
Har du slekt utanlands gjeld da same - medlemene våre vil ta det som
ein utfordring å prøva å hjelpa deg !
 
Innimellom, på nokre av møta våre, brukar det i byrjinga av møtet
å vera føredrag om forskjellige spennande tema.
 
På alle møta brukar me å ha ei sosial samling med kaffi/saft og kaker
for dei som ynskjer det, med høve til "ein slektsprat".
 
Ta deg ein tur neste gong det er møte -
du er hjarteleg velkomen !
 
 
Skulle du deretter få lyst til å vera med fleire gonger,
noko me sjølvsagt håpar på, får du ein giro for
innmelding av vår kasserar, eller du betalar inn via nettbank
til konto: 3480.11.60060


Organisasjonsnummer:
818170262
____________________

Kontonummer
3480.11.60060

Innmelding

Medlemskap i Voss Ættesogelag koster kr. 150,- pr. år.
Ynsker du å melda deg inn i laget?
Ta kontakt med kasserar: Marianne Bakketun
vossaslekt@gmail.com

eller betal inn via nettbank til 3480.11.60060
NB
Som medlem vil du få tilgang til medlemssidene her på heimesida. Ved å logga deg på her vil du finna medlemslister, årsmeldingar og ymse anna.
Namn

Telefon

E-postadresse

Kommentar:

Eg er ingen robot.


Vedtekter for Voss Ættesogelag

Vedtekne på årsmøtet for 2006.

Føremål.
Voss Ættesogelag har til føremål å fremja interesse for gransking av slektshistorie i Vossabygdene. Vidare skal laget arbeida for å spreia kunnskap om og å skapa interesse for denne historia.


1.Medlemskap.
Medlemer av Voss Ættesogelag er alle som har betalt medlemspengar. Medlemspengane vert fastsett av årsmøtet. Alle medlemane har møte- og røysterett på årsmøtet.


2.Styret.
Styret i laget vert utpeika ved val på årsmøte etter instilling frå valnemnda. Styret skal ha fem medlemer slik : Leiar, nestleiar, kasserar, skrivar og styremedlem. Leiar vert vald særskilt, dei andre oppgåvene fordeler styret sjølv. Styret held møte så ofte leiaren finn det naudsynt, eller når andre i styret krev det. For styremøta skal det førast møtebok. Er ein styremedlem usamd i vedtak, kan styremedlemen krevja å få innført korleis ho/han har røysta.

3.Styret sine plikter.
Styret skal leia laget si verksemd i samsvar med vedtektene og vedtak som er gjort. Det skal utførast påliteleg rekneskapsføring. Styret skal syta for at det vert utarbeidd årsmelding og rekneskap.


4.Årsmøte
Innan utgangen av februar kvart år skal det haldast årsmøte. Årsmøtet skal kunngjerast i lokalavisa på førehand. Saker som medlemane vil ha opp på årsmøtet, må vera sendt til styret seinast ei veke før årsmøtet. Årsmøtet kan berre ta avgjer i saker som er oppsett på saklista i innkallinga. For møtet skal det førast møtereferat, som skal underskrivast av møteleiaren og ein medlem.

Årsmøtet skal handsama:


1.Årsmelding


2.Rekneskap


3.Val av leiar


4.Val av styremedlemer


5.Val av revisor


6.Val av valnemnd


7.Innkomne saker

5.Valnemda si oppgåve
I styret i laget skal det vera fem medlemer. Ein av desse leiar, og fire styremedlemer. Leiar skal veljast for 1 år, kasserar og styremedlemer for 2 år. Andre val er for eitt år. Valnemnda skal ha 2 medlemer. Valnemnda skal ha ei innstilling til årsmøtet for alle verva som er på val - unnateke valnemnda.


6.Oppløysing eller samanslåing med anna lag
Oppløysing av laget kan berre gjerast på årsmøte, og krev 4/5 fleirtall av alle medlemane. Det same gjeld for samanslåing med anna lag. Ved samanslåing med anna lag, vert laget si eiga henda over til laget ein slår seg saman med. Ved vedtak om oppløysing av laget skal laget si eiga overførast til Voss bibliotek.

Vedtektsendring.
Vedtektene kan berre endrast på eit årsmøte. Framlegg til endring må vera sendt til styret seinast ei veke før årsmøtet. Endring av vedtektene krev minst 2/3 av røystene på årsmøtet.


 

SPONSORAR
Heimesida er laga med stønad frå:
 



Laga er medlem av:
Landslaget

Siste oppdateringar
på sidene våre 
29/10/2018
vosssogelag@gmail.com
|

VOSS SOGELAG
|

VOSS ÆTTESOGELAG
|

vossaslekt@gmail.com
        Rediger