Tellefsen, Anton
(1873-etter 1946) portrett

Kommentar:
Født i Bergen 16. februar 1873. Son av skipper Ole Barth Tellefsen (19.8.1836-6.2.1906) og Gerhardine Marie Krohn Wiese (27.12.1842-11.6.1893). Fotograferte mest på Voss, spesielt militærbilete. Han hadde forutan vanleg atelier og teltatelier på Prestegaardsmoen. Det er mogeleg at B.G. Kvarme overtok etter han på Voss. UBBs har eit portrett som er signert på framsida med "A. Tellefsen" og på baksida (med gummistempel) både med "A. Tellefsen" og "B.G. Kvarme". Ved folketeljinga 1900 for Voss er han ført som ein av tre fotografar i bygda, under namnet Anders Tellefsen. Han var då ugift, og budde i hus hjå Jenny Arnesen på Skogarbø (G.nr.192, B.nr.12). Tellefsen døydde i USA (etter 1946). For få år siden vart vel 250 av Tellefsens glassplater frå Hardanger, Voss og Bergen funne på en gard i utkanten av Voss og kopiert av "Herheim Foto", Voss. Det er meininga at dei skal vere deponert i "Voss Fotoarkiv". Seinere er det på eit loft funnet endå ei kasse med negativer, som og ser ut til å vere etter Tellefsen.

Virkestader:
1890-1901: Voss
1900 ca: Bergen
1914-1918: Bergen
1914: Fanahammeren, Stend
1915: Voss
1890 ca-1900 ca: Norheimsund

Samlingar:
Fylkeskonservatoren i Hordaland, Institusjonssamling, Voss Folkemuseum

Kjelder:
Norske fotosamlinger, 1989
Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer, 1980

SPONSORAR

Heimesida er laga med stønad frå:
 



Laga er medlem av:
Landslaget

Siste oppdateringar
på sidene våre 
29/10/2018
vosssogelag@gmail.com
|

VOSS SOGELAG
|

VOSS ÆTTESOGELAG
|

vossaslekt@gmail.com
        Rediger