Bolstadøyri
Poståpneri - Voss (Hordaland)
Oppretta : 1876-06-15
Nedlagt : 1997-08-28
BOLSTADØREN poståpneri, ved Bolstadelvens utløp i Bolstadfjorden, i Evanger annex til Voss prestegjeld, Hardanger og Voss fogderi, under Bergen postkontor, vart inntil vidare underholdt frå 15.6.1876. Sirk. 9, 27.5.1876.

Navnet vart frå 1.10.1921 endra til BOLSTADØYRI. Sirk. 53, 23.9.1953.

Poståpneriet vart frå 1.7.1953 lagt under Voss postkontor. Sirk. 17, 20.6.1953.

Ved etablering av nye poststadsgrupper vart poståpneriet omgjort til underpostkontor frå 1.11.1973, Sirk. 41, 31.10.1973, og fekk frå 1.1.1977 status som postkontor C, Sirk. 35, 10.12.1976.

Postkontoret 5274 BOLSTADØYRI vart lagt ned frå 29.8.1997. Inga endring i postadressa etter nedleggelsen. Sirk. 22, 22.8.1997.

Ved omorganisering av postnummersystemet frå 1.3.1999 fekk BOLSTADØYRI nytt postnr 5723.

Datostempel av 2-rings type med tverrbjelker og hull vart tilsendt fyrst den 28.6.1881.

(5274)
Poståpnarar/styrarar:
Gjestgjevar John O. Edahl 15.6.1876.
Gardbr. og postbef. Ole Brynjulfsen Rongen (Horvei) 1.7.1877 (f. 1842).
Anders Gullaksen Rongen 18.12.1914 (f. 1866).
Overtatt av Norges Statsbaner fra 1.7.1936.
Mathias Magnesen Bolstad 1.4.1948 (f. 1901).
Karl Magne Bolstad 1.3.1971 (f. 1938).

Dei fyrste årlige poståpnerlønningar:

1876 1878 1881 1897 1902 1907 1910 1914 1917
Spd 20
Kr 144 160 200 300 350 400 450 600
Frå 1.7.1917 vart det ellers gjeve eit midlt. dyrtidstillegg med 50% av lønna.
 
Kjelde : Postmuseet

SPONSORAR

Heimesida er laga med stønad frå:
 



Laga er medlem av:
Landslaget

Siste oppdateringar
på sidene våre 
29/10/2018
vosssogelag@gmail.com
|

VOSS SOGELAG
|

VOSS ÆTTESOGELAG
|

vossaslekt@gmail.com
        Rediger