Vallavik
Poståpneri - Ulvik (Hordaland)
Oppretta : 1889-07-01
Nedlagt : 1997-06-22
5734 VALLAVIK postkontor C vart oppretta som poståpneri under namnet VALLEVIK frå 1.7.1889 etter Departementet sine bestemmelsar og for den post som kunne sendast til/frå staden med dampskip. Poståpneriet låg på dampskips-anløpsstaden, i Ulvik herred, Hardanger og Voss fogderier, Søndre Bergenshus amt, under Bergen postkontor. Sirk. 14, 20.6.1889.

Navnet vart frå 1.10.1921 endra til VALLAVIK. Sirk. 53, 23.9.1921. 

Vart frå 1.7.1953 lagt under Voss postkontor. Sirk. 17, 20.6.1953.

Ved etablering av nye poststadsgrupper vart postopneriet frå 1.11.1973 kalla underpostkontor, Sirk. 41, 31.10.1973, og fekk frå 1.1.1977 status som postkontor C, Sirk. 35, 10.12.1976.

Postkontoret 5734 VALLAVIK vart lagt ned frå 23.6.1997. Ingen endring i postadressa etter nedlegginga. Sirk. 14, 12.6.1997.

Datostempel av sveitsertypen med open stjerna nederst vart levert ved opprettelsen i 1889.

(5734)
Poståpnarar/styrarar:
Landhandler Paul Andersen Vallevik 1.7.1889.
Gardbruker Anders Paulsen Wallevik 10.7.1897 (f. 1874).
Martha Wallevik kst. 15.11.1944 (f. 1888).
Gunvald Wallevik 1.3.1956 (f. 1923).
Oddny Wallevik 1.6.1974 (f. 1937).

Dei fyrste årlige postopnerlønningar:
Postopnaren var ulønna av Postverket til 1892, då lønna vert sett til kr 60,-, frå 1902 kr 100,-, frå 1907 kr 150,-, frå 1911 kr 200,- og frå 1917 kr 250,-.
Frå 1.7.1917 vart det gjeve eit midlertidig dyrtidstillegg med 50% av lønna.

SPONSORAR

Heimesida er laga med stønad frå:
 



Laga er medlem av:
Landslaget

Siste oppdateringar
på sidene våre 
06/10/2018
vosssogelag@gmail.com
|

VOSS SOGELAG
|

VOSS ÆTTESOGELAG
|

vossaslekt@gmail.com
        Rediger