Bryn
Gardsnummer/Farm No. : 191
 
Kjelde/Source :
 
Fortsettelse  - opplysningane er henta frå boka "Norske Gardsbruk"  (P:M. Bye & co, 1963) :
 
Gnr.191
Bnr. 1
Bryn
Garden har vore i ætta frå 1843, då Samson Helleland kjøpte han av Anders O. Gjerdåker.
 
Eigarar :
Samson Bryn, gift med Torbjørg f.Grindeland.
Deira dotter, Guro Rogne Bryn (f.1926), tok over garden etter far sin i 1935.
Ho vart gift 1947 med Anders Larsson Rogne Bryn.
Born :
Torbjørg (f.1947)
Heming (f.1955)
 
Gnr.191 og 167
Bnr. 1 og 16
Bryn
Garden har vore i ætta frå 1932, då Arnfinn Møn (f.1901) kjøpte han av Johs. Bindingbø.
Gnr.167 Bnr.16 kjøpt attåt i 1934.
 
Eigarar :
Arnfinn Møn (f.1901 ; sjå ovanfor), son av Nils A. Møn og Brita f.Grove. 
Han vart gift 1932 med Anna f.Moe.  
Born :
Anders (f.1932), Neste brukar
Sigrid (f.1938)
Brita (f.1942)
Anna (f.1946)
 
Gnr.191
Bnr. 4
Bryn
Garden har vore i slekta sidan 1887, då oldefar til noverande eigar kjøpte han av distriktslækjar Torstein Nesheim.
 
Eigarar :
Torgeir Bryn, gift med Kari f.Otternes.
Deira son, Eirik Bryn (f.1917), tok over garden etter mor si i 1947.
Eirik vart gift 1946 med Anna f.Nestås.
Born :
Kari (f.1947)
Torgeir (f.1949)
Knut (f.1952)
 
Gnr.191
Bnr. 5
Bryn (Smidjeteigen)
Kristina og Johannes Skjerven kjøpte garden i 1905.
Lars Flugheim (f.1896), gift 1928 med Sofia Bondevik,
overtok garden i 1928 etter Kristina Skjerven, syster til kona.
Lars var son av LarsN. Flugheim og Anna f.Dalen.
Han var skulesstyrar ved Vangen Skule, Voss.
 
Gnr.191
Bnr. 8 og 17
Bryn (Lidås)
Garden har vore i ætta frå 1887, då Ole Lie Bryn kjøpte han av Lars Kindem.
Ole vart gift med Marta f.Bere.
Deira son Johan O. Bryn tok over garden, men seinare, i 1936, overtok bror til Johan,
Torgils Bryn (f.1900) garden. Han vart gift 1928 med Ingebjørg Gjerme.
Born :
Olav (f.1929), neste brukar.
Borgvar (f.1930)
Gunnar (f.1932)
Magnhild (f.1934)
Tor (f.1936)
Kjell (f.1938)
Dagfinn Johan (f.1943)
 
Gnr.191
Bnr. 15
Bryn
Aksel Selberg kjøpte garden i 1911 av Askjell Bryn.
Aksel vart gift med Ingebjørg f.Lydvo.
Deira son, Lars Selberg (f.1916), tok over garden etter far sin i 1954.
Han vart gift 1946 med Ingebjørg f.Ure.
Born :
Liv Ingebjørg (f.1948)
Bodil (f.1950)
Åse (f.1954)
Aksel (f.1959)
 
 
Gnr.191
Bnr. 16
Bryn
Ola Grøneng (f.1884) kjøpte garden i 1917 av Askjell Bryn.
Ola var son av Kristian Grøneng og Katerina f.Frøysland,
og vart gift 1937 med Brita f.Tillung.
Born :
Kjellaug (f.1939)
Gunnar (f.1941)
 
 
Gnr.191
Bnr. 19
Bryn
Garden har vore i ætta frå 1881, då Lars Knutsen Bryn rudde han som husmann.
Garden vart kjøpt i 1916. Sonen Knut L. Bryn overtok garden. Han var gift med Herborg f.Syse.
Deira son, Lars K. Bryn (f.1921) overtok garden etter far sin i 1950.
Han vart gift 1951 med Signy f.Midtun.
Born :
Herborg (f.1957)
Knut (f.1959)
Ingvild (f.1961)
Nils Ingar (f.1968)
 
Gnr.191
Bnr. 20
Bryn (Ågard)
Garden haar vore i ætta frå 1887, då Eirik Th. Kvale Bryn kjøpte han av distriktslækjar Nesheim.
Eirik var gift med Arngunna f.Møn. Deira son, Knut E. Bryn (f.1887), tok over garden etter far sin i 1915. Han vart gift i 1917 med Mathilde f.Hogstad.
Born :
Margrete (f.1918)
Aslaug (f.1920)
Ingjerd (f.1922)
Oddveig (f.1924)
Sigrun (f.1926)
Eirik (f.1929)
Ragnhild (f.1931)
 
Gnr.191
Bnr. 25 og 26
Bryn
Garden er utskildt frå huvudbruket, bruk 1 på Bryn i 1934 ved Torbjørg Vikingsdtr. Bryn (f.Grindeland). Ho var gift med Samson Bryn (f.Helleland).
Deira dotter, Gjertrud Bryn Kvist (f.1927),  vart gift i 1949 med Finn Kvist.
Born :
Svein (f.1951)
Atle (f.1953)
Torhild (f.1954)
 
Gnr.191
Bnr. 28
Bryn (Brynali)
Anders H. Lunde fekk bygselfeste på eigedomen.
Sonen Brynjulv Bryn tok over etter far sin.
Hans son, Odd Bryn (f.1894), overtok etter han.
Odd vart gift i 1920 med Ingebjørg f.Løyning.
Born :
Kari (f.1923)
Birger (f.1925)
Olav (f.1928)
Cesilia (f.1935)
Garden vart innløyst i 1936 og bruket flytt på heilt udyrka jord.
 
 
 
 

Gardar på Voss / Farms in Voss
A  B  C  D  E  F  G  H  I  J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  Nr 

Velkomen til sidene med oversikt over gardane på Voss.

Her finn du informasjon og henvisning til kjelder for alle gardar og husmansplassar i heile Voss Kommune (dei tidlegare kommunane Evanger, Voss og Vossestrand).

Me jobbar med å få på plass meir informasjon om gardane !

Welcome to this page ! You here find all farms in Voss (old Evanger, Voss and Vossestrand kommune).Farms are listed as used in the local bygdebøker with references to the beginning page number. Where a name appears more than once, it may be helpful to compare the farm numbers.

Her finn du linkar til kart over Vossaområda :


 

SPONSORAR

Heimesida er laga med stønad frå:
 



Laga er medlem av:
Landslaget

Siste oppdateringar
på sidene våre 
06/02/2021
vosssogelag@gmail.com
|

VOSS SOGELAG
|

VOSS ÆTTESOGELAG
|

vossaslekt@gmail.com
        Rediger